Hopp til innhold

Seifiske blir viktig inntektskjelde etter halvering av torskekvotar

Sei har blitt viktig for økonomien til kystflåten etter at torskekvotane har blitt halverte dei siste par åra. Men det hjelper lite for resten av fiskeindustrien.

Seifangst i Andøy

Seifangst til god pris har vore med å redde MS Klævtind gjennom denne sesongen.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Med ei halvering av torskekvoten dei siste par åra har seifiske blitt ei stadig viktigare inntektskjelde for fiskarane.

Og med gode prisar er det med på å redde dei gjennom denne sesongen, seier skipper på MS Klævtind, Glenn Thomas Madsen.

For ikkje så lenge sidan leverte han 5000 kilo med sei på fiskemottaket på Bleik i Andøy kommune.

– Det er rein sei, så det er ein god bonus. Det er om å gjere å få det med seg før torsken kjem.

God tilgang på sei og gode prisar på både han og andre fiskeartar har i stor grad berga økonomien til fiskarane.

– Det er gode prisar på alle fiskeslaga. Det gjer at ting blir lettare.

Glenn Thomas Madsen

Skipper på MS Klævtind, Glenn Thomas Madsen.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

Her får dei 15 kroner kiloet for seien, men dei plagast med innblanding av andre artar.

– No har vi lange og brosme som skaper innblanding, så det blir eit puslespel.

Likevel er skipperen optimist i ei næring der mange slit med dårleg lønnsemd.

– Eg er optimist uansett. Den store spenninga er om kor lenge vi kan få lov å fiske seien før torsken kjem.

MS "Klævtind"

MS Klævtind leverte 5000 kilo med sei på fiskemottaket på Bleik for ikkje så lenge sidan.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Seien er viktig

Seifiske har blitt vanleg blant fiskarane, og det er viktig også for industrien på land, seier administrerande direktør i Noregs Råfisklag, Svein Ove Haugland.

– Det her er viktig for økonomien til flåten og det er også viktig for kystsamfunna, for det er med på å skape aktivitet i industrien som treng råstoff for å halde flest mogleg hender i arbeid.

Han seier at mange fiskarar har valt å starte sesongen med å prøve å få mest mogleg sei dei første vekene av vinterfisket. Det er for å kunne tære litt på torskekvotane utover sesongen, og få inntekter frå seien.

Seifangst i Vesterålen

Seifiske har blitt viktig for industrien på land og fiskarane, seier administrerande direktør i Noregs Råfisklag, Svein Ove Haugland.

Foto: Helge Lyngmoe / NRK

– Seien har blitt eit veldig viktig fiskeslag, for vi har i Noreg ein større kvote av sei i år enn vi har av torsk. Vi ser også at prisane fiskarane får har blitt veldig mykje høgare enn dei var på same tid. Seiprisen ei veke er over 50 prosent høgare enn i same veke for eit år sidan.

Han trur det er fleire årsaker til at prisane varierer. Blant anna ein gunstig valutasituasjon, som gjer det attraktivt å eksportere frå Noreg.

– Når kvotane blir reduserte av andre viktige fiskeslag, så fokuserer industrien på for eksempel sei, og då har prisen på sei utvikla seg veldig positivt i løpet av 2024, og det tar vi med oss inn no i starten av det nye året.

Les også Politisk usemje om Jesper (18) bør kunne tene 1 million som lærling

Jesper Johnsen (18) er fiskerilærling og jobber på oppdrett i Bø. Han har lyst kort hår med midtskill, blå øyne og mørke øyebryn og har på seg en sort genser med glidelås. Han står foran en merde ved oppdrettsanlegget der han jobber.

Stenger dørene

Haugland vil ikkje seie at det er dårlege tider for fiskeflåten, men det er svakare inntekter enn dei har vore vande med dei siste åra. Det er hovudsakleg fordi at kvotane har gått noko ned. Men samtidig som kvotane har gått ned, har også fiskeprisane stige.

– For fiskeflåten isolert sett, så ser 2025 ikkje så verst ut. Men for fiskeindustrien kan det vere eit atskilleg tøffare bilde, for det er ingen tvil om at vi skal lande mindre kvantum, og da blir det mindre å jobbe med for fiskeindustrien.

Fiskeriforhandlinger

Administrerande direktør i Noregs Råfisklag, Svein Ove Haugland.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

Dette har ført til at sjømatbedrifta Lofoten Viking AS på Værøy må permittere mellom 50 og 60 tilsette.

Det har også gitt konsekvensar for Ballstad Fisk AS, som stenger dørene i vinter. Det skriv Lofotposten.

– Risikoen er for stor til at vi vil kjøpe fisk i vinter, seier dagleg leiar Freddy Sørensen til avisa.

Høge torskeprisar, låge kvotar og avhengnaden av at det blir fisk på Innersia er grunnane til at det ikkje blir fiskekjøp i vinter.

Så sjølv om mange fiskarar ser relativt optimistisk på sesongen, så er dei bekymra for lokalsamfunna og kva som skjer i industrien, seier Haugland.

– Er noko vi har frykta

Einar Helge Meløysund, nestleiar i Noregs fiskarlag, seier dei har frykta at nokre anlegg vil bukke under.

– Dersom det blir ein struktur at det er mange anlegg som legg inn årane, så blir det langt imellom kvart anlegg. Når det blir lite torsk, så blir det lite kilo per anlegg å produsere. Det er noko vi som fiskarar har frykta, at det er nokre anlegg som bukkar under.

Einar Meløysund

Einar Helge Meløysund, nestleiar i Noregs fiskarlag, seier dei har frykta at nokre anlegg vil bukke under.

Foto: Susanne Lysvold / NRK

Har norske fiskarar grunn til å vere optimistiske?

– Ja da, det vil eg seie bestemt ja til. Vi har veldig høge prisar. Så om vi fiskar mindre, så får vi veldig godt betalte. Og vi har andre fiskesortar som vi kan fiske på.

– Vi er nede i ein liten bølgedal, men eg vil langt frå ikkje karakterisere det som ei krise.