Pride-veka i Bodø: – Det er mykje kult som skal skje
– Vi er så klar vi kan vere, seier 1. nestleiar i foreininga FRI Nordland, Tove Brelum om pride-veka i Bodø som startar laurdag 3. juni.
FRI Nordland starta opp att i år og ønskjer å utvide pride-feiringa.
– Vi startar alt på laurdag med parade klokka 12. Etter det vil vi ha ei rekke arrangement gjennom veka. Til dømes skal vi ha filmvisning, handarbeidsklubb, danseførestillingar og diverse festar, seier Brelum og legge til:
– Det er mykje kult som skal skje.
Ho seier at interessa for å ha pride i Bodø er stor. Fleire aktørar og organisasjonar gir tommel opp og har lyst å vere med.
– Vi har eit håp om at rundt 800 deltek i paraden. Vi håpar at flest mogleg skal møte opp på dei fleste tinga, seier Brelum.