Ny stadion: Fylkeskommunen vil truleg redusere tilskotet
Nordland fylkesting skal behandle ei sak om å sette ny takst på stadiontomta som Bodø/Glimt skal kjøpe på Thalleveiåkeren.
Det opplyser fylkestinget i ei pressemelding.
Klubben har tidlegare bede om å utsette betalinga fordi det viste seg økonomisk utfordrande for klubben å gjennomføre tomtekjøpet slik det var lagt opp i den opphavlege avtalen.
Fylkeskommunen foreslår no å sette den gamle avtalen til side og vurdere ny marknadspris. Dersom taksten blir lågare, noko som ifølge Rånes er sannsynleg, kan det føre til at tilskotet frå fylkeskommunen også blir redusert.
Fylkesråd Lise Henriette Rånes understrekar at dette er i tråd med tidlegare vedtak.
– Når Glimt no ber oss om å vurdere nye løysingar for å få realisert prosjektet, så meiner eg det er i tråd med dei signala som tidlegare er gitt.
Fordi ho ønsker brei politisk forankring, skal saka altså no opp i fylkestinget. Bodø/Glimt er nøgd med samarbeidet og håpar på rask behandling i fylkestinget.