Hopp til innhold

Ny runde i retten om hundeavl: – Det må gjerast noko

Hunden til Anita Remman måtte avlivast fordi han hadde store smerter. Måndag startar ankesaka om avl av hunderasane cavalier king charles spaniel og engelsk bulldogg.

Anita Remman med hunden Dennis

AVLIVAST: Hundeeigar Anita Remman måtte avlive den eine hunden sin Petter grunnar store smerter. No har ho berre Dennis att.

Foto: Frida Brembo / NRK

– Eg elskar verkeleg cavalier, så eg skal aldri skaffe meg ein ny.

Det seier hundeeigar Anita Remman. Ho hadde to cavalier king charles spaniel, Petter og Dennis.

Sist haust byrja Petter å vandre rundt i heimen i Narvik. Ifølge matmor fann han ikkje roa, byrja å puste og pese, og mista høyrselen.

– Ein dag fekk han eit smerteanfall av verste sort. Han hylte, skreik, og gjekk i eit hjørnet. Vi fekk ikkje ta på han. Ein kunne sjå at auga nesten ramla ut av hovudet. Det var grufullt å sjå på.

Cavalier king charles spaniel hundene Petter og Dennis,

Avdøde Petter (til venstre) saman med Dennis.

Foto: Privat

Remman var fleire gongar til dyrelegen med Petter, som meinte at han hadde kronisk hovudverk (SM). Ein smertetilstand som ikkje er uvanleg for denne rasa. Petter fekk medisinar, men ingenting hjelpte.

– Eg var villige til å gjere alt for at han skulle ha det bra. Han var berre tre år, seier Remman.

Til slutt måtte Petter avlivast.

Gravestein til hunden Petter med røde roser og en rund sten.

Etter ei tid med store smerter måtte cavalier-hunden Petter avlivast.

Foto: Privat

Ny runde i retten

I januar kom dommen frå Oslo tingrett som sa at det er i strid med dyrevelferdslova paragraf 25 å drive avl på hunderasane engelsk bulldogg og cavalier king charles spaniel.

Norsk Kennel Klub (NKK), to klubbar for rasehundar og seks oppdrettarar fekk då forbod mot å drive avl på desse hunderasane.

Dyrebeskyttelsen Norge meiner desse hunderasane har så store helseplager at dei ikkje bør avlast vidare på. NKK på si side hevdar dei kan dokumentere at det finst friske individ blant dei aktuelle hunderasane.

NKK, som er øvste organ for rasehund-klubbane i Noreg, valde å anke saka til lagmannsretten. Saman med raseklubbane og oppdrettarar er dei no klare for ein ny runde i retten.

Dommen frå tingretten skapte strid mellom partane, då dei er ueinig i tolkinga av den.

Les også Usikkerhet etter hundeavl-dom: – Gjelder ikke for andre enn de saksøkte

Cavalier king charles spaniel og engelsk bulldog

Redd for useriøs avl

– I dommen til tingretten fekk dei seks saksøkte oppdrettarane forbod mot å avle på rasa. Dersom dommen blir ståande vil det framleis vere lov å avle på rasa utanfor NKK-systemet, skriv avdelingsleiar for marknad og kommunikasjon i NKK Cecilie Holgersen i ein e-post til NRK.

Ho er redd dette kan føre til useriøs avl.

Vi fryktar å komme i ein situasjon der vi – som driv ansvarleg, kontrollert raseavl – ikkje lenger får jobbe med dette, medan andre useriøse aktørar kan halde fram som før. Dette vil ikkje gagne hundane, skriv ho.

Cecilie Holgersen, avdelingsleder marked og kommunikasjon i NKK

– Vi veit at det blir avla på desse hunderasane utanfor systemet vårt. Som ikkje følgjer retningslinjene våre. Dette medfører alvorlege konsekvensar for mange hundar og deira eigarar, og er nettopp det vi ønskjer å unngå, opplyser Holgersen. Cecilie Holgersen, avdelingsleiar marknad og kommunikasjon i NKK

Foto: CF-Wesenberg / CF-Wesenberg

Ho legg til at NKK og klubbar for rasehundar ikkje fekk direkte forbod, då dei ikkje avlar hundar, men registrerer og har raseansvaret for dei i Noreg.

– Vi jobbar med dokumentasjon og retningslinjer. Dette er arbeid som sannsynlegvis ikkje vil vere mogleg å halde fram med dersom dommen blir ståande, opplyser Holgersen.

Betre organisering av avl

– Vi delar ikkje bekymringa til NKK. Vi vil jobbe for eit betre avlsarbeid generelt, seier dagleg leiar i Dyrebeskyttelsen Norge, Åshild Roaldset.

Ifølgje Roaldset vil Dyrebeskyttelsen få avlsarbeidet inn i ei vitskapleg sfære. Ho seier dei vil bruke databasar med informasjon frå alle hundar, teste lynne og funksjon for å gjere avlen betre, slik som retningslinjene til EU er.

Åshild Roaldset, daglig leder for Dyrebeskyttelsen Norge.

Åshild Roaldset, dagleg leiar for Dyrebeskyttelsen Norge.

Foto: Anne-k. Harkestad/ Dyrebeskyttelsen Norge

– Vi må ha mykje betre organisering av avlen, det som skjer i dag er altfor dårleg. Hundane våre fortener betre.

Dyrebeskyttelsen meiner at eit forbod mot avl på hunderasane, eigentleg er eit påbod om krysningsavl dersom ein ønskjer å avle vidare.

Det er sett av fem dagar til ankesaka, som startar måndag 19. september i Borgarting lagmannsrett.

– Eg håpar verkeleg at dette går i hundane våre sin favør. Dei fortena at vi avlar dei friske, seier ho.

– Det må gjerast noko meir

Matmor Anita Remman var letta på Petter sine vegne då han fekk fred.

– Men på same tid er det kjempe trist. Han var min beste venn.

Dennis, Remman sin andre cavalier, lever framleis.

– Eg er førebudd på alt no. Det er difor eg seier at ein aldri skal ha hund på grunn av eigen egoisme.

Ho ønskjer at alt skal sjekkast før nokon får lov å drive med oppdrett.

– Eg ønskjer at dei skal slutte å putte hovudet ned i sanden, og innsjå at vi har ei stor utfordring. For alle som elskar cavalier, så er vi nøydde til å innsjå at det må gjerast noko meir.

Cavalier kings charles Dennis, ser i kamera fra skulderen til eier Anita Remman.

Hundemamma Anita Remman meiner at alle som ønskjer seg ein cavalier bør tenkjer seg om to gongar.

Foto: Frida Brembo / NRK

AKTUELT NÅ