Hopp til innhold

Flyttar seg nordover

Kamskjelbestandar flyttar seg nordover langs norskekysten – og forskarane følger etter.

Stort kamskjel trivst best i tempererte farvatn, og nye observasjonar viser at dei no etablerer seg heilt nord til Lofoten.

– Vi ser det same i den kommersielle fangstdataen, kamskjela kryp nordover, seier havforskar Ellen Sofie Grefsrud ved Havforskingsinstituttet.

Under årets feltarbeid på Helgelandskysten undersøkte forskarane både habitat og biologiske prøver frå stort kamskjel. Gonadane, som inneheld både egg og melke, var godt utvikla, og gytinga var i gang trass i kjølig vatn.

– Bestandane i dette området ser ut til å vekse og sakte spreie seg nordover, seier Grefsrud.

– Vi går ut frå at høgare temperatur i sjøen kombinert med tilpassing til kjøligare vatn er viktige faktorar for nyetableringa.

Temperaturmålingar viser at vinterdagar med sjøtemperatur under 4 grader har blitt færre. Ved Skrova i Lofoten har slike dagar gått frå tre månadar til éin i året.

– Dette nordlege skiftet til kamskjela føregår på same tid som vi observerer varmare vatn, seier Grefsrud og legg til:

– Vi trur difor stigande temperatur i havet er hovudgrunnen til kamskjela si ekspansjonsendring.

Plukking av kamskjell
Foto: Trond-Ole Husebø / NRK