Hopp til innhold

Heimekontoret kan gjere distrikta meir populære: – Eg ville ikkje heim

Ideen om at utanlandske turistar skulle ha ein stad å ha heimekontor medan dei opplevde Noreg vart under pandemien aktuelle for ein heilt ny gruppe turistar – dei norske

Leni Larsen Marøen på Reinebrigen i Lofoten.

Leni Larsen Marøen har flytta heimekontoret sitt til Lofoten for å bruke tida i naturen etter jobb.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Sola skin over Lofoten.

Ti unge vaksne klappar saman datamaskinene.

Arbeidsdagen er ferdig. Dei har sete saman på heimekontoret på eit felles kontor på Tangstad, vest i Lofoten. Her har dei seng, kontor og ei heil verd av naturopplevingar.

Det er dit dei er på veg no.

Ein månad vart til mange

Leni Larsen Marøen jobbar med digitale løysingar for oljenæringa.

Ho har leilegheit i Oslo, men etter ein stund med heimekontor og restriksjonar fekk ho lyst til å gjere noko med omgjevnadane sine.

Da googla ho seg fram til Arctic Coworking Lodge i Lofoten, og tenkte at det var ein god moglegheit til å kombinere arbeidd med det ho likar å gjere; gå på ski, klatre, surfe og å vere sosial på kveldane.

Ein Coworking Lodge er ein mellomting mellom eit kollektiv og eit hostel. Dei som kjem leiger seg inn for nokre veker, men dei aller fleste vert buande mykje lenger. Leni er ein av dei.

– Eg tenkte å booke meg inn ein månad. Eg var her ei veke før eg forstod at eg ikkje ville heim.

Leni Larsen Marøen et frukust på Arctic Coworking Lodge før ho går på jobb på heimekontoret.

Leni Larsen Marøen et frukost på Arctic Coworking Lodge før ho går på jobb på heimekontoret.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Flyttetrend

– Det er ein trend at tala på folk som har flytta frå Oslo aldri har vore så høge som dei var i fjor.

Det seier Marianne Tønnessen som er demograf og forskar ved Oslo Met. Ho har forska på kva yrkesgrupper som flytta frå Oslo under pandemien.

– Det er interessant å tenkje kor mykje som handlar om korona, og kor mykje som handla om bustadsmartnaden i Oslo.

Det er særleg mange frå yrke som lèt seg kombinere med heimekontor som flytta frå hovudstaden. Det var også mange med jobbar frå sal og service som flytta då uteliv og butikkar vart stengt.

Arctic Lodge 2

Leni Larsen Marøen bruker all sin ledige tid på naturen. Her klatrar ho trappene til Reinebringen.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Ein fot i kvar stad

Enno er ikkje talet på folk som flyttar på grunn av hobbyen stort nok til at ein kan seie at det er ein trend ifølge Tønnessen.

Fram til no har det vore heimekontor i Oslo. Først i neste veke begynner dei opninga. Difor er det mange som har ønska seg andre stader det siste halve året. Men no kan trenden snu.

– Ein kan tenkje det motsette. Om ein jobbar utanfor Oslo og har høve til heimekontor kan Oslo verte ein attraktiv stad å bu.

Tønnessen trur at dei som hadde jobbar i utelivet kjem til å kome tilbake, men det er meir usikkert med dei som har fått smaken på å sitte på heimekontor frå andre stader.

– Det kan tenkast at det vert vanlegare å kome på kontoret berre eit par dagar i veka. Då kan det vere mogleg å bu litt lenger unna, men kanskje ikkje så langt unna som Lofoten.

Slik ser kontoret til Leni Larsen Marøen på Tangstad i Lofoten ut.

Slik ser kontoret til Leni Larsen Marøen på Tangstad i Lofoten ut.

Foto: Sofie Olaisen / NRK

Mange har sakna kollegaene på heimekontor. Tønnessen trur at ein får det igjen, samstundes som ein kanskje også får noko anna om ein held til i eit kontorfellesskap i distrikta med andre som jobbar med andre ting enn ein sjølv.

– Om samfunnet du bur i er eit anna enn det du jobbar i og du står med ein fot kvar stad, har det noko å seie på kva rolle du har i samfunnet, seier ho.

Tønnessen forklarar at det kan vere at mange utflyttarar frå Oslo framleis held på ein leilegheit i Oslo, slik som Leni Larsen Marøen gjer. Ho trur vi framover vil sjå meir til at folk kjenner seg heime fleire stader. Det har allereie fått namnet deltidsbefolkning.

Moglegheiter for framtida

Dette er allereie tilfellet i Vestvågøy, kommunen der Leni og dei andre i Coworking Lodge bur.

Ordførar Remi Solberg har berre fått positive kommentarar på dei nye deltidsinnbyggarane. Sjølv om dei kom til Lofoten under pandemien, da han oppfordra folk til å ikkje komme dit.

– Vi får tilførsel av ny kompetanse, og det er stor sjanse for at dei vert innbyggarar, seier han.

Sjølv om dei ikkje har meldt flytting, meiner ordføraren at dei bidreg positivt i samfunnet. Dei brukar inntekta sin på butikkane, og trekker unge folk til tettstaden Tangstad.

– Det gjev mange moglegheiter fram i tid.

Vestvågøy er blant kommunane som har hatt befolkningsvekst dei siste åra. I fjor fekk dei 88 nye innbyggarar og allereie første kvartal i år har det kome 44. Marlene Rücker, som er sjef for lodgen, seier at fleire allereie har flytta til Lofoten etter at dei budde på lodgen.