Ein person til sjukehus etter arbeidsulykke
Klokka 23:15 onsdag kveld rykka politiet i Nordland ut til ei bedrift på Fauske etter melding om ei arbeidsulykke på staden.
Pasienten blei frakta til sjukehus med uklart skadeomfang. I ei oppdatering cirka eit kvarter seinare, opplyser politiet at ulykka ikkje verkar livstruande, og at det skulle vere snakk om klemskadar i ein fot.
Politiet har oppretta sak og etterforskar hendinga vidare.