Hopp til innhold

45 arrestert i narkoaksjon

45 personar er i løpet av dei siste vekene arrestert av politiet i Bodø for narkotikalovbrot.

Arresten i Bodø

Travelt i arresten: Førti personar har vore innom arresten i Bodø i samband med narkotikaaksjonen.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Tysdag morgon gjennomførte politiet i Bodø ein større aksjon retta mot narkotikamiljøet i Bodø. Over tretti politifolk deltok i aksjonen mot over tjue ulike adressar.

I alt 24 personar vart tatt med til arresten i dag. Totalt har 45 personar blitt arrestert i samband med narkotikaaksjonar i Salten i haust.

– Vi har tatt både amfetamin, ecstacy, hasj, fleinsopp og ein del andre tablettar, seier leiar Bent-Are Eilertsen ved ordensseksjonen i Salten politidistrikt til NRK.

Dei mest alvorlege beslaga i Bodø dag var 250 gram hasj hos ein person og 100 ecstacy-tablettar hos ein annan. Begge vil bli sikta, medan dei 22 andre får bøter for oppbevaring, kjøp eller sal av narkotika, opplyser politiet.

Bent-Are Eilertsen

Bent-Are Eilertsen, Salten politidistrikt.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

I tillegg til hasj og ecstacy gjorde politiet i Bodø i dag beslag av tretti gram amfetamin.

Unge lovbrytarar

Politiet opplyser om at aksjonen og arrestasjonane har skjedd utan dramatikk. Dei arresterte var stort sett kjenningar av politiet, men det skal i følge politiet også ha vore enkelte nye fjes. Alle som er tatt er mellom 18 og 30 år.

– Vi ynskjer å kartlegge narkotikamiljøet i Bodø, og har konsentrert oss om eit aktivt hasj- og amfetaminmiljø. Dermed har vi ikkje lagt så mykje vekt på det litt eldre og slitne miljøet, seier Bent-Are Eilertsen.

Av dei 24 som blei tatt av politiet tysdag, var fire utanlandske statsborgarar. Ein av dei hadde ulovleg opphald. Barnevernet var også involvert i samband med aksjonen mot to bustader.

Politiet understrekar at narkoaksjonen ikkje har gått ut over etterforskninga av overgrepssaka, kor ein 35 år gammal mann er sikta for overgrep mot born.

Narkotika hos politiet

Her er litt av det narkotiske stoffet politiet i Bodø har tatt hand om.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Store beslag i haust

I august gjorde politiet i Bodø sitt største narkotikabeslag så langt i år, då dei pågreip ein person med 3,5 kilo hasj. Ein slik mengde hasj kan ha ein salsverdi på mellom 300.000 og 500.000 kroner.

I tillegg fann politiet eit halvt kilo hasj, og gjorde to beslag på 70 og 40 gram amfetamin. Det er også relativt store beslag, opplyser leiar Bent-Are Eilertsen.

– Dette er jo en del av bakgrunnen for aksjonen vi hadde i dag. Vi har også gjort beslag i parkar og rundt sjukehuset i Bodø, seier Eilertsen.

Under aksjonane i haust brukte politiet narkotikahundar, og klarte på den måten å finne narkotika som var gøymt ute i Rensåsparken. Her fann politiet 200 gram hasj, og i Thalleveien fann dei ved hjelp av hundane 700 gram hasj.

Ved det siste funnet klarte også politiet å sikre fingeravtrykk, og personen som sto bak er vist ut av landet.

– Eg trur vi har ein ganske god oversikt over narkotikamiljøet i Bodø. Men noko veit vi sjølvsagt ikkje, seier Eilertsen.