Hopp til innhold

- Skal ikkje gå utover liv og helse

Skular og barnehagar kan verte stengt. I tillegg får ein streik konsekvensar for både helsetenester og politiet.

Streik i Bærum 2008

STENGD: Fleire skular og barnehagar kan verte stengt dersom det blir streik onsdag.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Dersom meklinga mellom KS og fagforeiningane ikkje fører fram innan i morgon, vil 1244 tilsette i offentleg sektor i Nordland gå ut i streik frå onsdag.

Ein eventuell streik i offentleg sektor vil råke kommunesektoren hardt. Ein streik i staten vil mellom anna omfatte politidirektoratet og fleire politidistrikt. Dersom partane ikkje vert einige, vil rundt 27.000 offentleg tilsette går ut i streik frå onsdag morgon. Av desse er om lag 20.000 kommunetilsette.

Det er dei fire hovudsamanslutningane LO, YS, Unio og Akademikerne som forhandlar med staten, KS og Oslo kommune.


Leiar for konfliktberedskapen for Akademikerne i Bodø kommune, Tor Simonsen, seier dei vil ta ut over 140 tilsette.

- Me tek ut tilsette i teknisk sektor, administrasjon og IT- avdeling, seier Simonsen.

Sjølv om Simonsen meinar pensjonsvilkåra er verdt å kjempe for, ser han at dette råkar publikum på ein beklageleg måte.

Viktig å sikre gode pensjonsvilkår

- Til eksempel vil byggebransjen råkast av at byggesakskontoret ikkje vil handsame saker under streiken, fortel Simonsen.

Han seier at det er ytterst viktig for Akademikerne å sikre gode pensjonsvilkår for medlemmane.

- Dette er ei stor sak for oss. Me kan ikkje godta ei dårlegare pensjonsordning enn i dag, seier han.

Utviding av streiken

Han kan ikkje svare sikkert på om det kan vere aktuelt å utvide streiken, dersom dei går ut i streik.

- I utgangspunktet så har me ikkje tenkt på det. Me har eit ganske tungt fyrste uttak. Det vil seie at alle medlemmane her i Bodø er omfatta av streiken, seier Tor Simonsen i Akademikerne.

Han understrekar at dei alle håpar på ei løysing i meklinga.

- Me håpar at vi får ei løysing. Viss ikkje, vil me markere at me meinar alvor, seier Tor Simonsen.

I tillegg kjem Fagforbundet til å ta ut over 707 medlemmar i heile fylket. Kommunane som vert råka i fase 1 i Nordland er:

Bodø: 279

Fauske: 124

Narvik: 146

Narvik VAR KF: 2

Valnesfjord helseportsenter: 15

Vefsn kommune: 141

Antall virksomheter i Nordland: 6

På landsbasis tek Fagforbundet ut 13.608 medlemmar, dersom det vert streik.

440 i Unio ut i streik

Unio kommune tek ut 440 medlemmar i Bodø kommune.

Dersom det vert streik onsdag, går medlemmane frå Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund, Norsk Fysioterapiforbund, Norsk Ergoterapeutforbund, Forskerforbundet og Universitet- og høyskoleutdannedes forbund (UHF) ut i streik.

Skular i Bodø:

Aspåsen skule: 26

Bankgata skule: 33

Rønvik skule: 39

Saltvern skule: 52

Barnehagar i Bodø:

Asphaugen barnehage: 9

Barnas-hus/Regnbuen: 6

Bodøsjøen barnehage: 5

Kirkhaugen barnehage: 4

Leif Aunes vei: 3

Jentoftsletta barnehage: 6

Parkveien barnehage: 2

Skivika barnehage: 8

Vestbyen barnehage: 4

Ånesveien barnehage: 4

I tillegg vil 15 tilsette ved barnehagekontoret verte tekne ut, til saman med barnehagesjefen. I tillegg vil Bratten aktivitetspark, flyktningekontoret, skulen ved Nordlandssjukehuset, Spesialpedagogisk senter nord, kontor for plan og næring på fylket og arkivet verte råka.

I helsesektoren i Bodø kommune vil 99 sjukepleiarar verte tekne ut i streik. Dette inkluderer helsesøstre og jordmødre. Desse er tilsette ved sjukeheimar, rehabiliteringskontor og tildelingskontor i Bodø kommune. I tillegg vil både fysioterapeutar og ergoterapeutar tilsette ved desse kontora verte tekne ut.

Sjukeheimar:

Havjordet: 4

Mørkved: 8

Sentrum: 8

Heimetenesta Østbyen: 7

Set ikkje liv og helse i fare

Men beredskapsleiar for Unio kommune Randi Solvær seier at uttaket av helsepersonell ikkje vil gå utover liv og helse.

- Me har vurdert nøye, og uttaket vårt set ikkje liv og helse i fare, seier Solvær.

Ein eventuell streik vil også råke politiet. I Salten vil 30 tenestemenn verte tekne ut. Leiar i Politiets Fellesforbund Salten, Jan Tore Hagnes, seier at det vil fyrst og fremst råke administrative stillingar.

- Me håpar dei vil komme til semje, slik at me slepp å streike. Men ein streik vil gå utover etterforsking, forvaltning og administrative gjeremål i politidistriktet. Det skal ikkje gå utover liv og helse, seier Hagnes.

Han fortel at publikum må rekne med lengre ventetid.

- Det betyr at det vil ta lengre tid å få pass, politi-attestar, og til eksempel opphaldsløyve, fortel Hagnes.

Han seier dei i det lengste håpar på ei løysing.

- Me håpar dei kjem til ei semje sentralt. Me ønskjer ikkje ei konflikt, men pensjonsspørsmålet er såpass viktig for tilsette i stat og kommune at det er viktig å kjempe for rettane me alltid har hatt,seier Hagnes.

Forseinka skatteutbetalingar

Ein streik vil råke skatteetaten og dine skatteutbetalingar, fortel informasjonsdirektør i Skatteetaten Lise Halvorsen.

- Det vil gi redusert service til publikum. Sentralbordet vil ikkje vere i drift, og ikkje minst vil ein streik råke skatteoppgjeret, seier Halvorsen.

Ho fortel at skatteoppgjeret vert forskyvd med talet på dagar streiken varar.

- I neste runde vil saksbehandlinga lide. Skatteoppgjeret vert mest sannsynleg forskyvd med t5alet på dagar streiken varar, seier ho.

Fristen for meklinga går ut ved midnatt i kveld.

(NTB/NRK)