Hopp til innhold

Twitter-storm etter Nobel-avsløring

Det haglar med ris og ros på Twitter etter at det blei klart at EU er vinnaren av årets Nobels fredspris.

Twitter-reaksjonar på Nobelprisen 2012

Meiningane om årets Nobel-tildeling til Den europeiske union er mange og sterke på nettsamfunnet Twitter.

Foto: Skjermdump

Thorbjørn Jagland og Geir Lundestad

Thorbjørn Jagland og Geir Lundestad annonserte klokka 11 i føremiddag at Nobels fredspris går til EU.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Ein time før leiaren av Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, annonserer kven om blir tidelt Nobels fredspris i år, kunne NRK informera om at den anerkjende prisen går til EU.

Både medieaktørar og privatpersonar frå inn- og utland plukka umiddelbart opp avsløringa, syner meldingar som er lagde ut på mikrobloggar-tenesta Twitter.

Mange måtte klypa seg i armen då vinnaren blei annonsert.

«Eg må presisera at dette IKKJE er ein spøk: Den europeiske Unionen har vunne Nobels fredspris», skriv den amerikanske CNBC-journalisten Becky Quick.

Unionen har vore nominert fleire gonger. I år har Nobelkomiteen meint at tida var mogen. Eit kriseråka Europa er nede i økonomisk kneståande og treng leiarskap og oppmuntring til samhald.

Men avgjerda er kontroversiell og meiningane mange om i kva grad EU har gjort seg fortent til denne prestisjetunge fredspisen. Reaksjonane let heller ikkje venta på seg på Twitter.

«Antarktis var andrevalet»

«Eg er også pengelens, arbeidsledig og i krise, så eg forventar å få min (fredspris, journ.merk.) om kort tid», skriv ein amerikansk Twitter-brukar.

Mange harselerer også med det faktum at Nobelprisen må fordelast på 27 medlemsland og 500 millionar EU-innbyggjarar. Prispengane er no på 7,1 millionar norske kroner. Delt på alle EU-innbyggjarar blir det 1,5 øre per person.

«Som vinnaren av 1/500.000.000 av Nobels fredspris, kvar hel eg talen min? Og kvar kan eg henta mine 0,15p av prisen?» spør ein brite.

«Dersom EU verkeleg har vunne Nobel-prisen, vil Tyskland ta imot den og nekta å dela den med grekarane?», tvitrar The Guardian-redaktør Paul Hamilos.

«Nobels fredspris er tildelt EU. Defintitivt ikkje Nobelprisen i økonomi», spøkjer ein journalist frå kriseråka Spania.

Nok ein sarkastisk kommentar kjem frå Mark MacKinnon, som jobbar for den kanadiske landsdekkjande avisa The Globe and Mail:

«SISTE NYTT: Antarktis var andrevalet til å få Nobels fredspris, eit kontinent der det alltid har vore fred».

– Ei høveleg anerkjenning

Dow Jones- og Wall Street Journal-skribenten Matina Stevies meiner derimot at prisen er på sin plass:

«Har du hatt glede av det fredelege resultatet av EU dei siste seks tiåra? Det er denne oppnåinga som står på spel i dag på grunn av eurokrisa».

Også New York Times-kommentator Roger Cohen rosar valet av prisvinnar.

«Ei høveleg anerkjenning av oppnåingane til den mest vellukka «eininga» i historia, Den europeiske unionen», meiner Cohen.

Ein annan Twitter-brukar ser ikkje på EU som ein like stor suksess.

«Merkeleg (prisvinnar; journ.merk.), men eg elskar det. Som ein snill lærar som gir elevar som strevar medalje fordi dei prøver så hardt».

– Overveldande

Ikkje overraskande, kjem mesteparten av dei positive reaksjonane frå EU-representantar og pro-EU-politikarar

Leiarane for sentrale EU-institusjonar takkar og bukkar for tildelinga frå Den Norske Nobelkomiteen.

«Det er ei stor ære for heile EU, alle dei 500 millionar innbyggjarane, å bli tidelt Nobels fredspris for 2012», lyder Twitter-meldinga til presidenten i EU-kommisjonen, Jose Manuel Barroso.

Også presidenten for EU-parlamentet er rørd over å ha fått den prestisjetunge fredsprisen:

«EU er eit unikt prosjekt som erstatta krig med fred, hat med solidaritet. Overveldande kjensler etter tildelinga av Nobelprisen til EU», tvitrar Martin Schulz.