Hopp til innhold

– Problema blir fiksa til torsdag

ESC-arrangørane har funne feilen bak teknikkproblema under første semifinale. NRK-kommentator Olav Viksmo Slettan er nøgd med at han slepp å kommentere over telefon, slik han gjorde då Stella Mwangi rauk ut.

Viksmo Slettan om tekniske problem

Stella Mwangi og Noreg kom ikkje til finalen i ESC, men det var ikkje på grunn av tekniske problem, ifølgje arrangøren.

Foto: Montasje

Stella Mwangi

Stella Mwangi med det norske bidraget 'Haba Haba'.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters
Stella møter pressen etter semifinalen

Ho møtte pressen etter at stemmene var talte, og det var klart at ho ikkje kom vidare til finalen.

Foto: Inger-Marit Knap Sæby
Olav Viksmo-Slettan

Olav Viksmo Slettan kommenterte den første semifinalen på telefon på grunn av tekniske problem, og håpar tusen tyske ingeniørar kan sikre at han slepp å gjere det samme i morgon.

Foto: unknown / NRK

På eit møte i dag fekk alle dei internasjonale kommentatorane forklaring på kva som skjedde under semifinalen i går, då teknikken feila.

– Arrangørane unnskylda seg veldig for at det gjekk som det gjorde. Dei har funne feilen og lovar å fikse den til torsdag, seier NRKs Olav Viksmo Slettan, som var på møtet, til NRK.no.

Under semifinalen på torsdag vil det liggje klart to back-up-ar for kommentatorane, i tilfelle noko skulle skje.

– Det var eit realt oppvaskmøte, seier Viksmo Slettan.

I går kveld rauk Noreg og Stella Mwangi ut av ESC , og får dermed ikkje lov å delta i finalen laurdag.

Det kom meldingar om at det norske bidraget ikkje hadde lyd i deler av Spania, og det vart vurdert at det kunne ha påverka resultatet.

Det gjorde det ikkje, vart det slått fast i går.

Kommentatorkrøll

Men også fleire tekniske problem har gitt EBU ekstraarbeid før den neste semifinalen i morgon. Mellom anna måtte NRK-kommentator Olav Viksmo Slettan rapportere via mobiltelefon.

– Vi hadde gjort klar telefonen som backup, men det tok så lang tid før eg fekk beskjed frå arrangøren om at linja hadde falle ut, at eg vart sittande ei stund å kommentere for meg sjølv, fortel Viksmo Slettan til NRK.no.

Han måtte halde fram å kommentere over telefon gjennom store deler av sendinga, og fortel at mange andre kommentatorar han har snakka med, opplevde dei same problema.

– Vi rakk heller ikkje å teste om lyden var synkronisert, og sjølv med berre eitt sekund forseinking vart det nesten umogleg å kommentere fordi det var vanskeleg å vite når det var musikk og når det var tid til prating.

Tysk ingeniørkunst

Også Sverige og SVT opplevde tekniske problem i går.

– Det var problem med heile sendinga. Kontakta med kommentatorane braut allereie i tredje låt, dei kom tilbake på låt fem, men forsvann igjen og var borte til låt tretten. Dei kommenterte på telefon i mellomtida, seier den svenske delegasjonsleiaren Christer Björkman.

Sjå video frå kaoset i den svenske kommentatorboksen:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Skal ikkje skje

Björkman fortel at det var svært frustrerande for kommentatorane å ikkje ha teknikken i orden.

– Dei var ikkje mogleg for dei å gjere jobben sin skikkeleg. Berre eit minimum av informasjon gjekk ut. Også fleire land hadde problem med dette, seier han.

Den svenske delegasjonsleiaren seier dei ikkje har fått noko informasjon om kva som har skjedd, men at dei vil ta kontakt med arrangørane i dag.

– Noko slikt som dette skal ikkje kunne skje, seier han.

Sverige sitt bidrag skal delta i semifinalen i morgon, og no fryktar Björkman at også dei kan ryke ut.

– Det er lotto, det såg ein i går då Noreg ikkje gjekk vidare. Alle hadde venta at Stella skulle gå vidare. Vi berre håpar at vi får gjennomført eit riktig program på torsdag, seier han.

– Spennande

Heller ikkje EBU ønskjer at noko liknande skal skje når dei siste semifinalistane går på scena i morgon.

– Dette er direktesendt fjernsyn, og av og til skjer slike ting. Det er det som gjer det spennande, seier Jarno Siin i EBU.

Han opplyser at det så langt ikkje er kome klager på sendinga, og det har heller ikkje Noreg planar om.

– Nei, på dette tidspunktet er det ingen indikasjonar på at det er grunnlag for å klage, seier delegasjonsleiar Skjalg Solstad.