Hopp til innhold

Strandplanter til begjær

Skal det vere litt potensfremjande rosenrot, også kalla nordens ginseng? Eller ein kvitlauksmakande strandlauk? Kva med miniplommer til julelikøren? Du finn alt og meir til i strandsona!

Asbjørn Lie og Monika Blikås i rosenrotenga
Foto: Nils Arne Sæbø / NRK

Ein rusletur langs blomstrande svaberg sommarstid er definitivt ei estestisk oppleving. Men visste du at det også kan vere godt for ganen – for ikkje å snakke om helsa? Her er nokre av plantene eg og Asbjørn Lie fann på Østre Randøya ved Kristiansand: 

Rosenrot

Rosenrot (Rhodiola rosea)
Foto: Knut-Sverre Horn

 

Meir om rosenrot  (Rhodiola rosea) i bergknappfamilien er ganske vanleg i Noreg, og blomstrar frå mai til juni. Den blir kalla nordens ginseng og skal ha god effekt på fysisk og psykisk stress, nedsett vitalitet og seksuallyst, og verke vitaliserande på heile kroppen.

Rosenrot har vore kjent som  Rosenrot styrkemedisin  i over 3000 år, særleg den tjukke, lange rota. Men også blada og stengelen har blitt brukte som mat og medisin; ferske blad inneheld til dømes mykje C-vitamin.

Slåpetorn

Meir om slåpetorn  (Sambucus nigra) tilhøyrer rosefamilien, og er ein lågtkrypande, piggete plante som veks langs kysten av Sør-Noreg. Fruktene er små villplommer med bitter smak, men mykje av bitterheita forsvinn med frosten.

Planten er velkjent i folkemedisinen. Te av tørka blomar verkar mildt avførande, urindrivande og slimløysande. Uttrekk av frukten verkar hostestillande, og avkok av barken får ned feberen. Plommene er også glimrande til likør.

Svarthyll

Meir om svarthyll  (Sambucus nigra) er ei gamal legeplante i moskusurtfamilien, og vart innført som hageplante her i landet rundt middelalderen.

Den blomstrar i juni – juli, og har ei lett gjenkjenneleg søt-krydra lukt. Blomane brukast til hylleblomstdrikk, som skal verke feberstillande og svettedrivande.

Dei mørke fruktene brukast til saft og suppe, og er rike på A- og C-vitamin. Dei hjelper mot forkjøling og influensa, og heile treet har tradisjonelt vore eit allsidig medisinskap.

Markjordbær

Markjordbær
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

 

Meir om markjordbær  (Fragaria vesca) tilhøyrer rosefamilien og er aromatiske og velsmakande. Dei veks vilt over heile landet, og trivast i kjøleg, temperert klima.

I urtemedisinen blir både fruktene, blada og røtene brukte. Fruktene skal vere eit styrkemiddel, og brukast mot gikt og nyresjukdomar. Fruktsafta brukast mot hudplager og halsbetennelse, og te av blada brukast ved diarè og urinveissjukdomar. Markjordbæra lindrar også solbrent hud.

Strandkål

Strandkålen (Crambe maritima) tilhøyrer korsblomstfamilien, og veks på havstrand i det sørlege Noreg. Dei unge skudda har ein frisk og tydeleg kålsmak, og brukast som grønsak. Planten blir rundt 40 cm høg med grovkrusa, blågrøne blad.

Urmenneska fann opp  Oppskrift fårikål ved å blande saman strandkål og villsau, sidan innhausting og slakting skjedde på same tid. Kanskje du prøvar med strandkål neste gang du lagar nasjonalretten vår?

Strandløk

Oppskrift strandløk  (Allium vineale) tilhøyrer liljefamilien og blir om lag 40 cm høg. Den er viltveksande langs store delar av kysten vår, med trådsmale blad og lyseraude blomar. Stengelen kan brukast som grasløk, og den vesle løken i jorda har ein mild smak av kvitlauk. 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)