Du må ikkje nødvendigvis totalrenovere badet for at det skal bli fint.
Dersom ein legg flisar på golv og veggar, kjøper inn nytt dusjkabinett, toalett og servant ser badet heilt nytt ut. Oppgradering av dette badet kosta 30.000 kroner.
Christian Strand er programleiar i Forbrukerinspektørene. Her lærar han å pusse opp sjølv.
Foto: Øyvind Øvergård / NRK
Å kople av og på røyr er arbeid du ikkje har lov til å gjere sjølv.
Dersom røyrleggar berre utfører akkurat den jobben han må, kan du spare mykje pengar.
Her kan det vere lurt å avtale timepris for arbeidet. Ofte kan røyrleggar gje eit prisoverslag relativt fort når han ser badet, og du kan dermed kalkulere kostnaden inn i budsjettet.
For å spare pengar bør du skru laus baderomsmøblane sjølv før røyrleggar kjem. I tillegg kan du kvitte deg med inventaret sjølv etter at røyrleggar har kopla ifrå røyra.
Eit smart tips kan vere å ta vare på blandebatteri frå dusj og servant, då desse ofte kan brukast om igjen.
Her kan du spare ein tusenlapp eller to.
Dersom du skal kjøpe nytt dusjkabinett og servant, er det smart å montere dette ferdig før røyrleggar koplar på røyra igjen mot slutten av oppussinga.
Sjå klipp: Muremeister Roar meiner at flis på 10 X10 til 20X20 er ein bra størrelse på golvflisene. Dersom ein vil ha større format kan ein måtte legge mosaikk rundt sluket eller i heile dusjsona.
Foto: Marie Tefre Birkeland/NRK Video: Øyvind Øvergård/NRK
– Fliser frå dei billegaste kjedene er av god kvalitet, og ofte same flisene som ein finn i dyrare butikkar, seier Roar Bjørnstadhaugen.
Men sidan prisen på flis er låg i billege butikkar, tek dei då meir betalt for utstyr og produkt ein treng til flislegging.
For å spare mest mogleg bør du kjøpe flis og våtromsplater hos dei billege butikkane, og resten hos dei litt dyrare butikkane.
Dersom du kjøper for mykje flis får du levere tilbake det du ikkje brukar på fleire av butikkane.
Derfor kan du godt vere raus i butikken slik at du slepp fleire turar fram og tilbake. Spør om dette hos den aktuelle forhandlar.
Det kan vere lurt å kjøpe flatpakka servantskap om motere sjølv.
Foto: Sara Ringhagen / NRK
Fagkonsulent i Byggmesterforbundet, Nils Jørgen Brodin, råder ein til å bruke dusjkabinett.
– Det hindrar fuktskadar på badet og golvet vil halde lenger. Dessutan er dusjkabinett ei billeg løysing, og det ser bra ut, seier han.
Dersom du vil ha same type toalett som du allereie har, treng du røyrleggar berre for å kople av og på røyr.
Dersom du har ståande toalett og ynskjer vegghengt, må ein leggje om røyra, og kostnaden på røyrleggararbeidet vil bli større.
Det kan vere lurt å kjøpe flatpakka servantskap og dusjkabinett for sjølvmontering. Då blir det lettare å frakte dersom du ikkje har tilgang til stor bil.
Sjå meir om oppussing på NRK Forbrukerinspektørene onsdag kveld.