Det Norske Mikroteatret
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Drama i stova

I ei tid der verda stadig blir mindre, prøver ei gruppe i Oslo å gjere det same med teateret.

Eg er på veg til teater. Ikkje til Nationaltheatret eller til Centralteatret, men til ei heilt vanleg leilegheit på Uranienborg i Oslo. Hit har eg blitt invitert på SMS til ei hemmeleg adresse, etter at eg kjøpte billett til stykket «Blodig Alvor» på Det Norske Mikroteatret.

Melding fra Mikroteatret

«PIP-PIP»: Dagen før framsyning får du ein SMS av «Det Norske Mikroteatret» der dei avslører adressa for den neste framsyninga.

Framme ved leilegheita står allereie ei lita gruppe og ventar utanfor døra. Vi nikkar og smiler høfleg til kvarandre, før ein mann kjem ut og hentar oss. Ingen ting med leilegheita minner om ei teaterscene, utanom klappstolane som står oppstilt langs veggane i stova.

Eg heng av meg jakka i gangen, ruslar inn i stova, og kjenner meg som gjest i ein framand heim. På stovebordet står ein vase med vakre tulipanar. Vi set oss ned, ein etter ein, på stolane i stova, og plutseleg høyrer vi to par snakke med kvarandre i døra. Teaterstykket er i gang.

Eit bordell i Madrid

Mikroteater er ikkje eit nytt fenomen, og har blitt spelt sporadisk på ulike intime scener over heile verda sidan kabaretkulturen oppstod i Paris på slutten av 1800-talet. Framsyningar har sidan funne stad i bilar, båtar, heisar, symjehallar, og ikkje minst – leilegheiter.

Då den spanske regjeringa halverte subsidiane til kunst og kultur i 2009, vart mange regissørar, skribentar og skodespelarar tvinga til å tenkje nytt.

Resultatet vart teatergruppa «Microteatro Por Dinero» som begynte å setje opp faste framsyningar på eit bordell i Madrid, med ulike framsyningar på svært intime scener. Publikum let ikkje vente på seg, og denne måten å drive teater på spreidde seg som eld i tørt gras.

Microteatro por dinero

SPANIA: Teatergruppa «Microteatro Por Dinero» i Madrid har vore ein inspirasjon for «Det Norske Mikroteatret».

Foto: ananieto.com

Då skodespelar Vanessa Borgli fekk høyre om dette frå ei kvinne på den spanske ambassaden i Oslo i 2014, vart ideen om ei norsk mikroteatergruppe født. Ikkje lenge etter vart førestillinga «Blodig Alvor» av Yasmina Reza sett opp i ulike heimar i Oslo-området.

Men til samanlikning med fleire liknande utradisjonelle framsyningar, er det i dette tilfelle ingen interaksjon eller blikkontakt mellom skodespelarane og publikum. Som små fluger på veggen får vi sitje å sjå dramaet utspele seg like framfor nasane våre.

Ei verbal slagmark

Framsyninga i leilegheita på Uranienborg i Oslo startar roleg. To foreldrepar møtast for å prøve å forsone sønene deira etter ein slåstkamp. Men det som startar som ein vennleg og avmålt samtale utviklar seg raskt til å bli ei verbal slagmark.

Eg sit berre eit par meter unna kvar det heile utfaldar seg, og kjensla er den same som då eg i barndomen luska rundt i byggefeltet og spionerte gjennom stovevindauga til naboane mine. Ei kjensle av å vere ein plass eg eigentleg ikkje har lov til å vere, og som dermed blir enda meir spennande å følgje med på.

Sjølv dei minste rørslene blir registrerte, alle sanseinntrykka blir forsterka, og på eit tidspunkt spreier lukta av vond manneparfyme seg rundt i rommet. Mot slutten av stykket eskalerer dei heile med at rollefiguren Anette (spelt av Rudy Claes, betre kjent som Eva Rosenkrantz i såpeserien Hotel Cæsar) riv buketten med tulipanar ut av vasen på stovebordet, og hiv han ut i lufta. Buketten flyg i ein fin boge gjennom stova før han deisar rett ned på hovudet mitt.

Heime hos Elling

I ei anna leilegheit i 2006 fekk forfattaren Ingvar Ambjørnsen besøke sin eigen romanfigur då den første boka i Elling-serien, «Utsikt til paradiset» vart sett opp som mikroteater i Hamburg.

Ingvar Ambjørnsen

BEGEISTRA: Forfattar Ingvar Ambjørnsen fekk besøke sin eigen romanfigur då den første boka om Elling vart sett opp som teater i ei leilegheit i naboblokka hans i Hamburg.

– Eg møtte ei ung kvinne frå Lübeck som ville setje opp ein monolog av den første boka i Elling-serien. Elling har ingen å snakke med, og går berre rundt i leilegheita si og blir meir og meir galen, fortel Ambjørnsen ivrig på telefon frå eit hotellrom i Oslo.

Då Ambjørnsen til slutt spurde kvar ho hadde tenkt å setje opp stykket vart forfattaren svært forbausa. Av alle dei mange tusen blokkene i Hamburg ville ho setje opp stykket i ei oppussingsleilegheit i naboblokka til Ingvar Ambjørnsen.

– Då eg skreiv denne historia sat eg med vindauget og såg over vegen mot sju svære blokker. Oppe i ei av desse blokkene hadde eg ei kjensle av at Elling stod og såg ned på meg, fortset Ambjørnsen.

Dermed kunne forfattaren nokre månadar seinare låse seg ut av leilegheita si, gå tvers over gata, og ringe på hos Elling i naboblokka. I 12. etasje vart han ønskja velkomen inn av sin eigen romanfigur, saman med 22 andre publikummarar sette han seg ned på ein avisbunke i stova, og så var stykke i gong.

– Elling sprang rundt i leilegheita. Han kviskra og skreik, vart berre galnare og galnare, og alt han sa var mine ord. Klokka 10 ringde det på døra og to personar i kvite frakkar kom inn og bar han ut. Eg vart heilt fillerista. Det var ei fantastisk og opprørande oppleving, og definitivt det raraste og sterkaste eg har opplevd med Elling, konkluderer Ambjørnsen.

Frå ein Elling til ein annan

Framsyninga i leilegheita på Uranienborg i Oslo er ferdig. Skodespelarane har forlate stova, og sjølv sit eg skaka tilbake på klappstolen med tulipanar over heile meg.

Ein annan person som også vart gripe av «Det Norske Mikroteatret» si framsyning av «Blodig Alvor» var sjølvaste Elling (som såg stykket tidlegare i år). Eller i alle fall skodespelaren Per Christian Ellefsen, som dei fleste nordmenn kjenner som Elling etter at han udødeleggjorde rolla som Ingvar Ambjørnsen sin romankarakter gjennom filmane om Elling på 2000-talet.

Per Christian Ellefsen som Elling

DU KJEM NÆRMARE: Skodespelaren Per Christian Ellefsen har vore publikum på «Det Norske Mikroteatret». Han seier slike tiltak er viktig for å generere fleire jobbar for skodespelarar.

Foto: Terje Rygg og Anne-Lise Flavik / UIP og Foto Fabrikken

– Dette synest eg var veldig nært og levande, seier Ellefsen engasjert.

Sjølv er Per Christian Ellefsen tilsett på Nationaltheatret, men han ser ikkje vekk frå at han sjølv også ein dag kan tenkje seg å jobbe med eit liknande format.

– Eg vart veldig inspirert. Det er viktig å generere nye jobbar for skodespelarar utanfor teatera. Eg var akkurat i eit møte med Skuespillersenteret der vi snakka om kor viktig akkurat dette er.

– Kva tenkjer du om denne måten å drive teater på i Noreg?

– Det er ingen tvil om at dette er noko folk likar og sett stor pris på. Du kjem nærmare på alle måtar, konkluderer Ellefsen.

  • Anbefalt vidare lesing:

Sigrid Undset på maleri og portrett

Sigrid Undsets maleri er basert på et relativt trist portrett.

Foto: Dag Fosse, KODE/O. Væring, Nasjonalbiblioteket

Imagebygging i hundrevis av år. Dette er historien om forfatterportrettenes betydning. Les saken

Ole Sjølie

Ole Sjølie. Lærer og kunstner.

Foto: IVAN TOSTRUP

Du har nok ikke hørt om Ole Sjølie, men han fortalte noe vi kanskje bør tenke over – hver for oss. Les saken