Nils Einar Sunnby utanfor Jeløy Radio
Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Handa i lomma eller døy

MOSS (NRK): På Jeløy Radio måtte Nils Einar Sunnby (87) passe på så hjartet ikkje stoppa.

Då NRK sette seg i bilen mot Moss var det for å finne ut kva som eigentleg brukte å gå føre seg i det gule huset på Jeløya i Oslofjorden. Lite visste vi om at vi i løpet av dagen skulle lære oss eit triks for å lure døden og bli vitne til eit aldri så lite historisk augeblikk.

Nils Einar står og ventar på oss i resepsjonen. Han er den siste attlevande arbeidaren frå Jeløy Radio og kjenner historia betre enn nokon andre. No er bygget konferansehotell og har nyleg vore vertskap for regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Venstre og Frp.

Men i dag skal vi leggje politikk til side. Vi skal nemleg få vite kvifor Jeløy Radio var eit av dei viktigaste husa i Noreg gjennom store delar av 1900-talet.

Brua til Amerika

– Den første sendaren gjekk her frå og heilt ned dit, seier Nils Einar og peikar nedover gangen til den andre sida av hotellet.

Han viser oss gjennom konferanseromma som i dag er møblert med bord, stolar og sofagrupper som ein kan forvente på eit konferansehotell. Men fram til 1995 var heile dette huset fylt opp med store radiosendarar.

Jeløy Radio vart bygd i 1930 og var sendestasjon for all telegramtrafikk over radio frå Noreg til utlandet. Stasjonen var altså ikkje ein radiokanal som P1 eller P4, men eit hus som produserte radiobølgjer med morsesignal som var sterke nok til å spreie seg over heile verda.

Sendaren hadde direkte samband med Nord- og Sør-Amerika, Japan, Kina, Iran, Sovjetunionen, Spania, Portugal, Tyskland, Nederland, Belgia og Polen.

Plutseleg kunne Noreg kontakte heile verda over radiobølgjer i lysets hastigheit, i motsetning til å vente i fleire veker på at eit brev skulle kome fram.

(Allereie frå 1800-talet hadde det vore mogleg å sende telegram over kabel, men dei var privateigde og svært dyre å bruke for vanlege folk.)

Telegramtrafikken til Amerika var spesielt stor. På grunn av den store utvandringa hadde tusenvis av nordmenn nære slektningar i USA på starten av 1900-talet.

Gratulasjonar, kondolansar, fødsels- og dødsbodskap og andre viktige meldingar suste over Atlanterhavet.

Jeløy Radio vart ei bru frå Noreg til slektningane i USA. Men den viktige jobben var ikkje utan risiko for arbeidarane på stasjonen.

Blodig og fortumla

Nils Einar har stoppa opp ved enden av hotellet som har vindauge langs heile veggen ut mot Oslofjorden. Frå dette rommet gjekk straumen frå sendarane i kablar gjennom vindauga (ja, hol i vindauga!) og ut til store antenner som stod på rekke og rad mellom stasjonen og fjorden.

Radiosendar som sende bølgjer heile vegen rundt jorda trong mykje straum. Svært mykje straum. Og desse sendarane måtte arbeidarane på Jeløy Radio dagleg inn i for reparasjonar og vedlikehald.

– Ein dag kom maskinisten opp, blodig og fortumla. Blodspora gjekk ned i kjellaren, til ei maskin med høg elektrisk spenning, seier Nils Einar.

Kva skjedde?

– Eg veit ikkje heilt. Han hugsa ingenting. Han fekk seg i alle fall ein skikkeleg trøkk, 10 000 volt gjennom kroppen. Men han kom på jobb igjen dagen etter.

Vi skjønar at sjukemeldingane ikkje sat spesielt laust her.

Opplevde du sjølv å få støyt?

– Ja, det var ein gong eg tok på ein spole som var laus og hadde gløymd å skru av spenninga. Då fekk eg 5000 volt gjennom kroppen.

– Men det gjekk bra?

– Det var vondt, og eg vart veldig forskrekka. Eg kjente at eg hadde bein i kroppen, men røska til meg handa med ein gong. Det var jo litt flaut at eg gløymde å skru av spenninga før eg gjekk inn i sendaren. Eg sa det ikkje til nokon.

Grunnen til at både Nils Einar og den blodige maskinisten berga livet var ein enkel, men likevel svært viktig regel.

Nils Einar Sunnby på Jeløy Radio

FORSIKTIG: Nils Einar Sunnby viser oss innsida av ein gammal radiosendar frå Jeløy Radio. Heldigvis er straumen kopla ut denne gongen, og han tar derfor sjansen på å stikke fingrane fram.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Det livsviktige lommetrikset

Hjartet er den mest sårbare kroppsdelen for elektrisk straum, og toler ikkje meir enn 20 milliampere før det stoppar. Til samanlikning har ei vanleg stikkontakt 10.000 milliampere.

For å unngå straum gjennom hjartet er trikset å gå med ei hand i lomma.

Då unngår du å ta borti noko anna, og straumen vil ta kortaste veg til jorda og gå rett gjennom beina.

Gløymer du å ha handa i lomma, og tar borti noko anna med den ledige handa, vil straumen i staden gå rett gjennom hjartet og ut den andre handa.

Med handa i lomma kan du altså overleve store mengder straum om uhellet først skulle vere ute – noko det var fleire gongar på Jeløy Radio.

Illustrasjon: Hånda i lomma-trikset

DØD ELLER LEVANDE: Personen til venstre har gløymt å ta den eine handa i lomma. Straumen går derfor rett gjennom hjartet som stoppar med det same. Då går det betre med personen til høgre som har vore flink og hugsa lommetrikset. Men sjølv med handa i lomma er det aldri behageleg med 5000 volt gjennom kroppen. Sjølv med handa i lomma risikerer ein også å få straum gjennom hjartet om ein blir utsett for vedvarande spenning. VI ANBEFALER INGEN Å PRØVE DETTE LOMMETRIKSET HEIME!

Foto: Illustrasjon: NRK

– Det såg jo litt arrogant og snobbete ut å alltid ha handa i lomma, men det var ein farleg arbeidsplass og vi snakka mykje om sikkerheit, seier Nils Einar.

Han tar oss med ut for å sjå kvar alle dei store radioantennene brukte å stå. Under stordomstida stod det fleire antenner rundt på området, dei høgste av dei var 122 meter høge.

– Vi var nok viktige, men så kom dei hersens satellittane og tok trafikken vår, seier Nils Einar og ristar på hovudet.

I løpet av 70-talet vart dei fleste av sambanda gradvis lagt over på kabel og satellitt, og dagane på Jeløy Radio vart rolegare. Stasjonen vart sakte, men sikkert lagt brakk, men noko summa og gjekk overraskande lenge – i kjellaren under intetandande statsrådar og konferansegjestar.

Eit historisk augeblikk

Sendestasjonen vart framleis brukt av blant anna Utanriksdepartementet og Interpol etter satellitt-skiftet på 70-talet. Men den store trafikken, som var på sitt største i tida etter krigen, var eit tilbakelagt kapittel.

Nils Einar sette likevel pris arbeidsdagane ute ved fjorden. Trekkfuglane kom i hundrevis og sette seg på bardunane til dei store radiomastene. På stasjonen var det ofte berre to på vakt samtidig, og lunsjpausane vart brukt til å spele sjakk.

Sjakk på Jeløy Radio

SJAKK: Når arbeidarane på Jeløy Radio ikkje risikerte livet med å vedlikehalde høgspente radiosendarar, var det fint å kople av med litt sjakk i lunchpausane. Nils Einar Sunnby er mannen til høgre i bildet.

Den analoge radioteknologien tapte meir og meir terreng til den digitale radioen. I desse dagar er DAB-radio det første vi tenkjer på når vi høyrer om digitale radiosignal, men både mobiltelefoni, internett og digital-TV er alle ulike former for digitalradio.

No har vi nyleg gått over til DAB-radio over heile landet. Kva går tapt med sløkkinga av FM-nettet?

– Ingen ting, svarar Nils Einar usentimentalt.

– … anna enn gammal teknikk. Frekvensmoduleringa til FM-nettet krev mykje plass, nettet er jo allereie stappfullt. Når vi går over til digital får vi plass til mykje meir. Det er framtida, konkluderer han.

Nils Einar vart heller aldri noko offer for den nye teknologien. Han gjekk av med pensjon samtidig som drifta av Jeløy Radio vart lagt ned, og slapp dermed å miste jobben. Då var det berre lene seg tilbake og segle inn i den digitale gullalderen.

No har han vore pensjonist i 25 år, men hotellet inviterer han ofte tilbake for å halde foredrag, og det verkar som han framleis har full tilgang til den gamle arbeidsplassen sin.

For kva er det han drar opp av bukselomma no? Ein nøkkel?

Vi tar ein tur ned i kjellaren, seier Nils Einar og viser veg ned ei trapp bak hotellet.

VIDEO: Sjå Nils Einar fortelje om tida på Jeløy Radio.

Blodspora frå maskinisten som vart grilla av ei straumførande maskin er for lengst vaska vekk. Midt i kjellarrommet står den siste radiosendaren som var i drift på Jeløy – ein reservesendar for Tjøme Radio.

– Her kjenner eg meg heime, seier Nils Einar og går straks bort for å sjå nærmare på den store grå og blå boksen på golvet.

Tjøme radio var ein kystradiostasjon med ansvar for å lytte på naudkanalane for båttrafikken frå svenskegrensa til Farsund. Men 1. januar 2018 vart også Tjøme radio lagt ned.

Men kva er den litle lampa som står og lyser nedst på den store boksen?

Går sendaren framleis?

– Ja, seier Nils Einar litt forfjamsa.

Men han er ikkje i bruk no lenger?

– Nei.

Då kan du kanskje berre skru han av da?

– Ja.

Nils Einar går langsame skritt bort til sendaren. Han bøyer seg ned, trykker på av-knappen, og lampa sloknar.

Nils Einar Sunnby skrur av den siste sendaren på Jeløy Radio

EI HØGTIDLEG HANDLING: Som siste attlevande arbeidar får Nils Einar Sunnby den store æra av å skru av den siste radiosendaren på Jeløy Radio.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Og akkurat der, 17. januar 2018, klokka 14:28, blir den siste sendaren på Jeløy Radio skrudd av.

– Ei høgtidleg handling, seier Nils Einar og reiser seg sakte opp.

87 år med radiobølgjer frå Jeløya er historie. Men sjølv om ein æra er forbi, er det noko som er uforandra:

Nils Einar går framleis med den eine handa i lomma.

(Red.anm: Dagen etter publisering av denne saka vart vi gjort merksam på at radioeventyret på Jeløya ikkje er heilt over likevel. Då Tjøme Radio vart lagt ned, vart drifta overtatt av Kystradio Sør som no fjernstyrer kystradiosendarane frå Rogaland. No er nytt utstyr på plass i kjellaren, og Jeløy Radio vil dermed halde fram med å gjere båtfolket trygge.)

Anbefalt vidare lesing:

Thomas Alva Edison med sin fonograf. Bildet er antakelig tatt i 1878.

Kan verdens eldste opptak av Edison ha ligget i en norsk kjellar siden krigen? Norsk Teknisk Museum har funnet en skatt. Les saken.