Bjørn-Marius Øyehaug i bilen sin med hunden Fant
Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Frå bygdefest til Spellemann

ØRSTA (NRK): Han sat åleine i huset og sende håpefulle meldingar til ekskjærasten som ikkje kom tilbake. Slik starta suksesshistoria Rotlaus.

– Det er utruleg kor det tok av. Det var no ikkje sånn det skulle bli.

Bjørn-Marius Øyehaug målar opp kaffi og slepp han nedi filteret.

Korleis er det eigentleg mogleg å spele landet rundt for tusenvis av menneske, selje til gullplate mange gongar, bli nominert til to Spellemann-prisar, men aldri bli platemeldt i rikspressa?

Det er verkelegheita for Rotlaus, bandet han er frontmann i. Sjangermessig er dei vanskeleg å sette i bås, men dei ligg ein stad mellom danseband, pop og Hellbillies. Somme kallar det «bygderock». Det er ærlege tekstar tonesett av fløyte, trekkspel, toradar, gitar og Bjørn-Marius si inderlege røyst.

Han har raudleg hår, snus under leppa, 32 år på baken og ei fortid i festcountry-bandet Vassendgutane.

Utanfor vindauget er det grått og snødekt. I bakgrunnen knurrar den nye hunden hans, Fant, ein tolv veker gammal kvit, energisk terrier. Hettegensarar og t-skjorter som skal ut til fansen ligg klare i hyllene. To nye bestillingar tikkar inn medan vi pratar.

Rotlaus har mange millionar avspelingar på strøymetenestene.

Det er likevel ein liten flik av merksemd som manglar.

Bjørn-Marius bryr seg lite om det.

– Det er nokre som skriv, no og då, men dei som melder platene våre, det er ikkje nødvendigvis dei som sit i Akersgata; det er dei som kjem på konsertane. Og det er i grunn den kritikken vi treng. Det hadde vore kjekt om nokon skreiv om oss når det gjekk bra, men vi lid ikkje noko naud. Vi styrer med vårt.

De føler dykk ikkje oversett?

– Nei, eg trur ikkje nokon i bandet føler seg snytt for noko. Sjølvsagt, du les mykje om nokre artistar som får ein stor boom, og dukkar opp her og der, og er avspelte sånn og sånn ... Men eg trur vi vinn like mykje på å berre vere oss sjølve.

Dei mange gullplatene som heng på veggen bak han, kan tyde på at han har rett.

Bjørn-Marius Øyehaug framfor gullplater på Rotlaus-kontoret

På kontoret i Ørsta, ein liten tettstad på Sunnmøre mest kjent for Ivar Aasen og heftig råning, tar Bjørn-Marius seg av drifta av bandet Rotlaus. Hunden Fant er med kvar dag. Talet på gull- og platinaplatene, som heng bak han, stig nærmast ein gong i månaden.

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

I lag med dei vaksne

Bjørn-Marius Øyehaug vaks opp på ein gard i den vesle bygda Follestaddalen i Ørsta kommune. Kvar morgon vakna han til lyden av applaus. På vekkarklokka hadde han nemleg lyden frå opningsnummeret til ein rockekonsert. Han låg og drøymde om at det ein gong skulle bli hans tur til å stå på scena.

Far hans var eldsjel og klarinettist i det lokale korpset. Seks år gammal byrja Bjørn-Marius å bli med på øving. Ikkje for å spele, i starten, men for å leike med ein gut som også venta på far sin.

Lagnaden ville ha det til at ein dag, så møtte ikkje den andre guten opp. Bjørn-Marius blei sitjande åleine og lure på kva han skulle finne på. Inne på eit gammalt musikkrom fann han ei tromme. Han byrja å slå forsiktig i takt med korpset som han høyrde gjennom veggen. Kvar gong dei stoppa, så stoppa Bjørn-Marius. Til han trefte feil. Ein høg lyd fylte rommet.

Dirigenten opna døra og kom gåande mot Bjørn-Marius med store, tunge steg. Guten såg ned; han var veldig sjenert.

Men dirigenten sa berre: «Kom inn og spel med oss».

Det kom overraskande på Bjørn-Marius, for det var stort sett vaksne som spelte i korpset. No vart han fast medlem.

– Det var gammalt og ungt. Eller, eigentleg mest gammalt, og meg, seier han.

Bjørn-Marius Øyehaug med far sin

Bjørn-Marius (til venstre) vaks opp i eit musikkmiljø. Faren (til høgre) var med i det lokale korpset, og hadde eit favorittordtak av Halvdan Sivertsen. – Han pappa sa, og eg brukte å vere så skjemde av han: Musikken har du med, oh yeah, ler Bjørn-Marius i dag.

Foto: Privat

«Godt å vere rånar»

Kaffien er kokt, og på kontoret fortel Bjørn-Marius om tidlegare tider medan hunden gneg på diverse ting.

Ein gong gjekk vi i klasse, i tre år på musikklinja ved Volda vidaregåande skule.

Eg hugsar ikkje førsteinntrykket av Bjørn-Marius, anna enn at han var høg, som meg, men klassebiletet viser ein noko sjenert fyr som står i bakarste rekkje. Likevel var det som regel mykje lyd og folk der Bjørn-Marius bevegde seg. Han fann tryggleiken bak trommene og blei kjent med folk gjennom musikken. Han hadde sjølvironien på plass, også når det gjaldt interessa for «dansemusikk», som han etter kvart byrja å spele i diverse band.

Bjørn-Marius blei kjapt den mest ettertrakta trommisen i distriktet. Etter timevis med øving på garden, i korps og ulike band, kunne han takle dei fleste sjangrar. Han droppa nesten ut i dei andre faga, men fekk toppkarakter på trommeeksamen.

19 år gamle var vi klare for verda. Mange søkte seg til folkehøgskule. Nokre tok seg eit pauseår eller gjekk i gang med studiar.

Bjørn-Marius blei trommis i Vassendgutane.

Vassendgutane

Bjørn-Marius blei kasta inn i festsuksessen Vassendgutane som 19-åring. Her poserer dei i turnébussen sin i 2009. Frå venstre: Rune Brautaset, Ernst Brune (bak), Lars Egil Vågsæter, Bjørn-Marius (i midten), Leif Aase, Arthur Johan Bjørdal (med ryggen til) og Sindre Aam.

Foto: Marte Vike Arnesen / VG

Dei hadde nettopp slått skikkeleg gjennom med plata «Ungkar med dobbeltseng». Vassendgutane sette Ørsta på kartet, til nokre si fortviling og andre si glede, dei promoterte fest, råning og bygdekultur, selde plater som berre det, og spelte for fulle hus over heile landet. Dei var eit av Noregs mest kjente og aktive liveband.

Bjørn-Marius hadde eigentleg ein plan om å studere vidare innanfor musikk, etter å ha jobba litt. Han var saman med ei jente, søskenbarnet til Arthur Johan Bjørdal, frontmannen i Vassendgutane.

Ein kveld hausten 2007 kom Bjørn-Marius seint til eit familiejulebord på Dombås.

– Der sat han Arthur Johan, han var vaken enno, og heldt på å skrive songen «Godt å vere råner». Og eg hamna i lystig lag med dei, heile natta og natta etterpå.

Bjørn-Marius tok fram ein gitar. Han kunne nokre få grep, og sette i gang med å spele og kore.

Eit par dagar seinare fekk han ein telefon.

– Ja, så ringde han Arthur Johan og sa: «Faen, du, kunne ikkje du ha, ditta greiene vi heldt på med i helga, kunne ikkje ha tenkt deg å møtt i studio vel?» «Ja, kva du tenkjer på,» svarte eg. «Nei, faen, altså kora og ... Hadde vore steikje tøft.»

Bjørn-Marius har ei god forteljarstemme og sparar ikkje på detaljar og garnityr. Det er artig å høyre på.

Han sa ja til førespurnaden, møtte opp i studio og kora på det som skulle bli suksessalbumet «XO» (2008). Albumet nådde toppen av VG-lista og selde til dobbel platina, over 80.000 fysiske eksemplar.

Då den faste trommisen i Vassendgutane skulle gi seg, blei Bjørn-Marius spurt om å erstatte han. I første omgang for eit halvt år.

Vassendgutane på Sommerfestivalen i Selbu 2009

Bjørn-Marius spelte med Vassendgutane på Sommerfestivalen i Selbu, 2009.

Foto: Arne Kristian Gansmo

Suksessen

Som i korpset, vart Bjørn-Marius ungfolen i Vassendgutane. Dei andre i bandet var mange år eldre.

Eg var med inn i den raude og gule turnébussen ein gong, på oppdrag for studentavisa. Over eine setet hang det ein BH. Det var røyk og fest i lufta. Eller «pylse og konjakk», for å sitere Vassendgutane sjølv.

Bjørn-Marius syntest det var svært å bli med på suksessen, men hadde sine tvil om kor lurt dette var.

– Det viste seg ganske fort at å bli kasta inn i eit sånt sirkus som det når du er 19 år, det er ganske overveldande, eigentleg, seier han i dag.

Vassendgutane spelte tre konsertar nesten kvar helg, til saman nærmare 150 konsertar i året. Overalt var det utselde hus, lang tid i førevegen.

Eit halvt år blei til eitt år, tre år, fem år.

Bjørn-Marius heldt til mesteparten av 20-åra på vegen. Han hadde det gøy, men mista litt kontakten med seg sjølv.

– Det vart mykje festing, det vart mange seine kveldar, og du var sliten når du kom heim igjen. Musikken, han vart liksom ikkje like viktig lenger. Det blei ei rutine. Eg vart ein dårleg person på heimebane. Fordi eg ikkje hadde overskot til alt saman, seier han.

Samtidig som forholdet på heimebane skranta, såg han at andre jamaldrande fekk det til. Dei bygde hus, gifta seg og fekk ungar.

På 25-årsdagen sat han backstage på ein festival med Vassendgutane. Dei hadde nettopp sunge bursdagssongen for han.

Så gav Bjørn-Marius beskjed om at han ville slutte.

Rotlaus

Sjå kor dei kosar seg! Spelegleda er synleg på Rotlaus-konsertane. Anders Maristuen på bass og Bjørn-Marius Øyehaug på gitar og vokal.

Foto: Thomas Petterson

Tenkjaren

På kontoret i Ørsta har hunden Fant gått bort i eit hjørne.

– Han har ikkje byrja å ete på trommene igjen, vel?

Bjørn-Marius svarar på sitt eige spørsmål:

– Nei.

Det er ingenting jålete med trommisen. Han les sjeldan det som blir skrive om han, og er, med sine eigne ord, ein tenkjar. Han grublar mykje på kva som kunne vore og kva han burde gjort annleis. For eksempel tida i Vassendgutane. Han ville ikkje vore ho forutan, men:

– Når lyset er av, då er alt forbi. Då er du berre han litje guten, eigentleg, som du alltid har vore.

– Kva lærte du av det?

– Det har utvilsamt vore mykje av suksessfaktoren til Rotlaus at eg har lært kva du skal gjere, og ikkje minst, kva du ikkje skal gjere, seier han og tar ein slurk av kaffikoppen.

Han drikk for eksempel sjeldan sterkare saker enn kaffi på turné i dag.

Før vi kan gå skikkeleg inn i det som skulle bli hans personlege suksesshistorie, Rotlaus, må vi ned på djupet. Skikkeleg.

Etter at han hadde slutta i Vassendgutane, blei Bjørn-Marius opptatt av å ta igjen alt det tapte. No skulle det bli hans tur til å få seg hus, familie og stasjonsvogn.

Han gjekk inn i eit nytt forhold og dei kjøpte hus saman etter berre nokre månader. Bjørn-Marius ville eigentleg ha kontorjobb i eit transportfirma, men fekk jobb som langtransportsjåfør. Igjen måtte han balansere heimeliv med å vere på vegen.

– Og så datt eg ned og vrei i stykke ganske mykje, seier han og peikar nedover ryggen sin.

Bjørn-Marius Øyehaug i Ørsta med hunden Fant under armen

På veg frå bilen til Rotlaus-kontoret i Ørsta. Fylgjesvenen Fant er med. Namnet er kanskje tatt frå teikneserie-hunden som ser cirka lik ut?

Foto: Maren Kvamme Hagen / NRK

Ulukka

I 2015 hamna Bjørn-Marius i ei alvorleg arbeidsulukke då han stod og lasta ut av eit vogntog. Han fall fire meter rett ned i bakken og fekk eit tungt rør over seg.

Det tok ei stund før han fekk igjen kjensla i beina. Han gjekk på sterke medisinar.

Det var sist gong eg prøvde å kontakte deg på Facebook. Då verka det som at du var ganske langt nede.

– Eg gjekk inn i ein depressiv periode, ja. Musikken var heilt vekk. Det siste eg ville var å spele trommer, eller musikk i det heile tatt.

Forholdet tok slutt, og Bjørn-Marius sat igjen åleine i det nye huset.

– Eg sat vel eigentleg berre og drakk, sørgja og syntest synd på meg sjølv.

Ved sidan av låg mobilen. Han håpte at han kunne få kjærasten tilbake.

– Då er det fort gjort å sende ei melding, og så vart ikkje den meldinga som du hadde tenkt, så du sender tre til, kanskje fire, og så får du vite at det ikkje er sjans. Det er ikkje oss lenger.

Då han ikkje kunne sende fleire meldingar, bestemte Bjørn-Marius seg for å skrive dei ned på papiret. Slik blei dei første Rotlaus-låtane til. For eksempel «Ei tid».

«Dei som satsar stort, treff bakken med ein smell,

men prøvar du aldri, så fell du likevel.

Der vil komme ei tid, der du aleine står,

men vinteren den gøyme på ein vår.»

To delte wienerpølser

Ikkje lenge etterpå tok ein kompis kontakt og lurte på om dei skulle spele litt saman. Han hadde prøvd å få Bjørn-Marius opp av sofaen og ut av huset fleire gongar. Omsider lukkast han, og han fekk sjå tekstene.

Dette var ikkje så verst, syntest kompisen. Det var faktisk ganske bra!

Eit band blei til. Bjørn-Marius selde huset for å få råd til å kjøpe buss og ta inn fleire medlemar. Han brydde seg ikkje så mykje om den økonomiske risikoen. Følte kanskje at han ikkje hadde så mykje å tape, etter å ha vore nedi djupet.

Det første året med Rotlaus var tungt, dei reiste mykje rundt og spelte, men hyra var ikkje stor nok til å dekkje utgiftene. Bussen kravde stadige oppdateringar, og dei få pengane dei tente, blei brukt til å kjøpe meir utstyr. På eit tidspunkt var dei så fattige at dei panta flasker og delte to wienerpølser på fire menn. Dei såg likevel at musikken slo an og hadde ei kjensle av at dei måtte halde fram.

Å sitte bak trommesettet og syngje, det hadde kanskje fungert for The Eagles, men det fungerte ikkje for Bjørn-Marius. Ein trommis blei hyra inn, og brått var Bjørn-Marius blitt vokalist og gitarist i eige band. For første gong bevegde han seg fram på scena.

10. desember 2015 kom første singelen, «Kvilelaus», ut. På knappe to døgn blei han spelt av 10.000 gongar. Etter ei veke hadde han 50.000 avspelingar. Bjørn-Marius fekk telefon frå ein manager.

– Han skjønte ikkje kvifor eit band som ingen hadde høyrt om kunne bli spelt så mykje.

Ja, ein blir jo sittande og lure? De må jo ha gjort noko, eller?

– Eg har møtt veldig mange folk, både i mi tid i Vassendgutane og som sjåfør. Så eg har eit ganske stort nettverk som backar meg opp, forklarar han.

I tillegg sende Bjørn-Marius mellom anna «skuggehelsingar» til Nattønsket på P1. Kunne dei spele dei der Rotlaus?

Etter litt overtaling skreiv Rotlaus kontrakt med manageren som hadde ringt dei.

I starten blei dei kalla veslebroren til Vassendgutane. Bjørn-Marius er opptatt av at låtuniverset til Rotlaus handlar om mykje meir enn fyll og fest. Han meiner at Rotlaus har meir substans i mange av tekstene sine.

– Dei vanskelegaste songane å skrive er dei som berre handlar om å heve glaset i vêret. Det ligg meg nærmare å skrive om hendingar i livet som rører ved folk. Om du så sit og køyrer Volvo og drikk øl, og du har mannfolk som klør seg på ballane, så har dei også eit hjarte. Det synest eg er litt rørande å sjå. Dei mest hardbarka mannfolka står heilt framme og syng «Eg er på veg, og når eg kjem fram, vil du vente på meg der». Det viser at du kan nå ut til folk på fest utan å nødvendigvis syngje om at du er på fest.

Når det er sagt, så har Rotlaus også nokre festlåtar i bagasjen.

– Ein skal ikkje kimse av ein god fest, men det er vel kanskje det vi scorar aller høgst på, at vi har eit visst mangfald, seier Bjørn-Marius.

Rotlaus

For å gå i null på ein konsert, må Rotlaus trekkje cirka 400 menneske. Dei har investert i mykje utstyr og har ein stor, proff produksjon. I dag går dei i pluss. Ti menn har bandet som si hovudinntekt. Frå venstre: Simen M. Rebbestad, Bjørn Marius B. Øyehaug, Simen Bjørdal, Anders Maristuen og Vegard Hansen.

Foto: Thomas Petterson

Bandfamilien

Bjørn-Marius har funne sin familie på vegen. Rotlaus reiser rundt med ti mann. Bror hans er turnéleiar. Inspirert av filmar som «Almost famous», der eit rockeband sit i turnébussen og syng Elton John for full hals, har dei ein times fellesprogram før kvar konsert.

– Vi har våre greier og tradisjonar. For eksempel les vi opp vers på norrønt, syng ein strofe av «Mellom bakkar og berg», dansar halling og jenka, seier Bjørn-Marius.

Rosinen i pylsa er ein spesiell variant av stolleiken: «Chair game», inspirert av NRK-sketsjeprogrammet Team Antonsen.

Etter konsertane tar Rotlaus seg alltid god tid til å snakke med fansen. Bjørn-Marius likar ikkje å kalle dei fans, ein gong, for han vil ikkje heve seg sjølv over lyttarane.

Uansett fans eller lyttarar. Det er mange av dei. No er Rotlaus så populære at dei kan velgje og vrake i spelejobbar.

«Litje Rotlaus frå Ørsta» i Oslo

Då Bjørn-Marius fekk telefonen frå plateselskapet om at dei var nominert til Spellemann, trudde han først ikkje på det. Dei måtte kaste om på planane sine.

– Det var liksom sånn, svarten, han eine skulle no få levert kjøkkenet til huset den helga.

Den harde kjernen i Rotlaus stod ærbødig på den raude lauparen då nominasjonane blei offentleggjort.

Dei passar kanskje ikkje inn i noko openberr sjangerklasse.

Men juryen fann plass til dei, «litje Rotlaus frå Ørsta», som Bjørn-Marius seier, i to av dei gjævaste kategoriane: «Årets album» og «Årets gjennombrot».

Der konkurrerer dei mot store namn som Sondre Justad, Emilie Nicolas og Unge Ferrari.

Rotlaus er nominert til Spellemannprisen

Rotlaus hadde dressa seg opp då Spellemann-nominasjonane blei offentleggjorde på Grand Hotell i februar, 2019. Frå venstre: Simen Bjørdal, Bjørn Marius B. Øyehaug, Vegard Hansen, Anders Maristuen og Simen M. Rebbestad.

Foto: Privat

Det var litt gøy å sjå kven de er nominert saman med, då.

Bjørn-Marius ler.

– Ja, det er kanskje den musikken du høyrer på P3. Det var spanande å vere der nede (i Oslo, journ.merk.). Vi hadde jo dressa oss opp så fint vi kan, med finklede, og så kjem du dit og så gjeng desse hiphop-arane i klede som eg ville brukt viss eg skulle måle ein vegg, då.

«Årets gjennombrot» fører store pengar med seg. Vinnaren får 250.000 kroner gjennom Gramo-stipendet. Dersom Rotlaus vinn den 30.mars, blir generasjonskorpset i Follestaddalen brått rike. Bjørn-Marius ynskjer nemleg å gi heile summen til korpset der han sjølv opplevde musikkgleda for aller første gong.

– Vi er heldige som får drive med det vi elskar. Musikk gir mykje glede, både for oss som utøvarar og dei som er i salen. Det er påskjøning nok for oss.

– Så var det nokon som likte orda du hadde skrive

Vi har prata i godt over to timar på kontoret i Ørsta. Kaffien er blitt sur.

Bjørn-Marius verkar nøgd med livet i dag. Han har sambuar som av og til er med på turné, ho sel klede og ser musikklivet frå innsida. Hunden Fant er alltid i nærleiken.

Den nye singelen til Rotlaus er blitt spelt av 250.000 gongar på ei veke. Bandet opplever interesse frå Sverige og Danmark. Kanskje blir det konsertar der etter kvart.

Men som alltid i livet, så finst det meir.

Kva drøymer du om?

– Hus.

Svaret kjem kontant og blir etterfølgt av ein latter. Draumen om det stabile familielivet, i kontrast til livet på vegen, er framleis eit mål.

– Eg drøymer om å greie å sjonglere ballane riktig. Kombinere dette livet med å få seg ein familie. Eg er no 32, snart. Faktisk. Det sit litt langt inne å seie at ein er over 30, men det går no ikkje an å lyge til deg, då. Det er litt vanskeleg når ein har gått i same klasse.

Nei, eg er i same båt, eg.

– Eg kan nesten ikkje sitte og seie at eg er 29.

Du har gjort mykje, då.

– Ja, det er jo i same stil, då, det meste eg har styrt med.

Jo, men eg tenkte på det. Av alle i klassa på musikklinja, så var det vel ingen andre som gjekk ut i fast jobb som musikar. Reisa di har vore litt spesiell?

– Alt er no tilfeldig i livet, eigentleg. Hadde eg ikkje vore saman med ho som eg var saman med den gong, så hadde eg ikkje møtt han Arthur. Då hadde eg ikkje vore med i Vassendgutane. Hadde eg ikkje vore med der, så hadde eg aldri slutta i Vassendgutane. Hadde eg ikkje opplevd arbeidsulukka og samlivsbrotet, så hadde eg sikkert aldri starta å skrive noko sjølv, heller. Det kom eigentleg som ein følgje av at eg ikkje kunne sende fleire meldingar. Eg måtte skrive det ned på eit papir, og nokre ord på eit papir blei ein tekst, og ... Så var det nokon som likte dei orda du hadde skrive, og så blei det meir.

Anbefalt vidare lesing: