Dolly Parton
Foto: Marco Vaglieri / NRK

Alle elskar Dolly

For å bli elska, må ein også tole å bli hata. Denne regelen kjenner alle superkjendisar til. Alle utanom Dolly Parton.

Sommaren 2016 står journalisten Shima Oliaee midt i ei fargerik folkemengd.

Ho er omgitt av cowboyar, drag-queens, kyrkjegjengarar, ungdommar, pensjonistar, republikanarar og demokratar. Alle har samla seg for å sjå Dolly Parton synge og spele i New York.

At alle desse er samla på same stad, er inga sjølvfølge. Utanfor arenaen stormar ein intens valkamp. Hillary Clinton og Donald Trump seier stygge ting om kvarandre. Landet er prega av mistillit, «fake news» og generell dårleg stemning. USA er splitta, seier folk.

På konserten er stoda derimot noko heilt anna. Dolly Parton manar publikum til allsong.

– Ho song ein medley med amerikanske klassikarar som «American pie» og «Blowin' in the wind». Vi følte så mykje glede og kjærleik. Det var som å vere i eit anna univers, mimrar Shima på telefon frå New York.

Shima og journalistkollegaen Jad Abumrad vart nysgjerrige på Dolly Parton. Dei undersøkte artisten sin «Q score», som er basert på meiningsmålingar som kartlegg populariteten til 2500 ulike kjendisar. Funna var oppsiktsvekkjande.

Dei fann ut at Dolly Parton var blant dei 10 mest folkekjære amerikanske kjendisane. Ikkje nok med det – ho var også blant dei 3 minst mislikte kjendisane i heile USA!

Å skåre så høgt på begge deler er eineståande.

Dolly Parton

Jad ringde pappaen sin, den libanesiske legen Naju Abumrad. Han hadde nemleg behandla Dolly etter ei bilulykke for nokre år sidan, og sidan blitt kompis med countrystjerna. Kanskje han kunne introdusere sonen sin for ho?

Det kunne han. Jad og Shima fekk dermed moglegheit til å følgje Dolly gjennom inn- og utland i to år. Resultatet vart ein podkast på elleve episodar med namnet «Dolly Parton's America». Podkasten vart nyleg kåra til fjorårets beste av tidsskriftet Forbes.

Shima verkar framleis å vere heilt trollbunden av countrystjerna.

– Som journalist er jobben min å vere skeptisk, men Dolly Parton har verkeleg ingen lik i skapet – sjølv etter seks tiår som artist. Det gjorde oss veldig nysgjerrige, forklarar ho.

Dolly Parton og Jad Abumrad

DOLLY PARTON'S AMERICA: Jad Abumrad og Shima Oliaee har intervjua Dolly Parton i over tolv timar til saman.

Foto: Shima Oliaee / WNYC Studios

Jad og Shima gjekk artisten grundig etter i saumane. Ho var openbert svært populær. Då dei såg ho på konserten i New York, var ho på sin største turné i Nord-Amerika nokosinne, med 65 konsertar på eit halvt år.

Berre det siste året har strøymetala til musikken hennar stige med 100 prosent. Ho har fått sin eigen serie på Netflix, «Dolly Parton's Heartstrings», der kvar episode er basert på ein av songane hennar. I tillegg til dokumentaren «Here I am».

Men kvifor var det så få personar som hata ho? Korleis kunne Dolly Parton vere ein av dei mest samlande personane i eit splitta USA?

Sauen Dolly

Jad og Shima begynte med å sjå på songane hennar. Dei måtte ikkje grave lenge, før dei i alle fall kunne slå fast ein ting: Dolly Parton er ein STOR låtskrivar.

Ho har skrive over 5.000 songar.
Ho er den mest selde kvinnelege countryartisten i historia, med over 160 millionar selde album.
Ho har toppa country-hitlista i USA 25 gongar.

Likevel har Dolly ofte blitt assosiert med heilt andre ting enn musikk.

Dolly og Sylvester

«ALLE VIL SJÅ»: Dolly seier ho har full forståing for at menn ønskjer å sjå på brysta hennar. I dette bildet frå 1978 er ho saman med skodespelaren Sylvester Stallone.

Foto: Nick Ut / AP

I talkshow etter talkshow har Dolly fått tallause spørsmål om kroppen sin. Om vekta si, neglene sine, håret, brysta ...

I 1996 skulle nokre forskarar namngi verdas første klona sau. Dyret var klona av ei celle som kom frå ein brystkjertel, og dermed var namnet openbert.

Som ein av forskarane forklarte: «Vi kunne ikkje kome på nokon med meir imponerande brystkjertlar enn Dolly Parton.»

Sauen Dolly

– Ho har alltid blitt sett på som ein vits. Men ho har heller ikkje hatt noko imot å bli tulla med, sjølv om ho er briljant. Ho lar songane tale for seg sjølv, forklarar Shima.

Åra med vitsar og tulling har ofte redusert Dolly Parton til ein klovn. Dette har gjort ho ufarleg og lett å like.

Songtekstane hennar har dermed fått lov til å leve sine eigne liv – og dei har vore langt ifrå like ufarlege.

Feministen Dolly

Dolly Parton har skrive songar sidan ho var fem år gammal.

Ho vaks opp i ein familie på tolv søsken, under fattigslege kår i ei hytte på fjellet. Etter vidaregåande flytta ho til Nashville for å dyrke draumen om å bli artist.

Ung Dolly Parton 1977

UNG OG LOVANDE: Dolly Parton har skrive mange songar frå oppveksten i den amerikanske fjellheimen.

Foto: RCA Records / Wikimedia Commons

Dei første fire albuma ho gav ut på 60-talet, handlar i all hovudsak om ein ting: Kvinner som blir behandla dårleg av menn.

Songen «Daddy come and get me» er eit døme. Songen handlar om ei kvinne som blir opprørt over at mannen hennar er utru, og som endar opp med å bli send på psykiatrisk sjukehus av mannen sin.

– Denne songen er basert på noko som skjedde i familien min, avslører Dolly i podkasten.

Songen «Down from Dover» handlar om ei ung kvinne som har blitt gravid utanfor ekteskapet. Ho ventar på at faren til barnet skal kome tilbake frå Dover, slik at dei kan gifte seg før folk merkar at ho er gravid. Mannen kjem aldri tilbake. Kvinna blir støyta ut frå familien. Barnet blir født. Barnet dør.

– Det er ein av mine beste songar, men dei ville ikkje spele han på radioen. Ikkje fordi babyen døde, men fordi kvinna vart gravid utanfor ekteskapet, seier Dolly.

Gjennom heile karrieren har Dolly Parton vore forut for si tid. Ho var mellom anna tidleg ute med å skrive songar om abort og adopsjon. Ho var også tidleg ute med å anleggje den «hyperfeminine stilen» – som innebar fleire plastiske operasjonar og lange akrylnegler.

I dag blir ho hylla som den første «third wave» feminist – ein forløpar til artistar som til dømes Cardi B, Nicki Minaj og Beyoncé – sterke kvinner som ikkje er redde for å spele på sex og feminitet.

Feministen Dolly

Det finst tallause døme på korleis Dolly har stått på barrikadane i kvinnekampen. Ho vil likevel ikkje gå med på å kalle seg sjølv feminist:

– Nei, det er eg ikkje. Eg elskar menn, var svaret ho gav då ho fekk spørsmålet i «Dolly Parton’s America».

Shima forklarar utsegna med at Dolly kan vere tydeleg i songtekstane sine, men samtidig svært forsiktig med å seie ting som kan såre tilhengarane sine. Merkelappen «feminist» fell ikkje i like god jord hos alle i countrymiljøet.

– Dette er veldig typisk Dolly. Ho syng meiningane sine. Ho seier dei aldri, forklarar Shima.

Det at songaren elskar menn, er det i alle fall ingen som kan ta frå ho. Ei av dei sterkaste historiene om Dolly, handlar om akkurat det, at ho elskar ein mann.

Og nei, vi snakkar ikkje om ektemannen hennar.

Sankt Dolly

Dolly fekk sitt første gjennombrot då ho vart invitert med i det populære TV-programmet «The Porter Wagoner Show» i 1967.

Dolly var 21 år og framleis fersk som artist. Porter Wagoner var 40 og ein av dei største countryartistane i USA. Dei begynte å synge saman og trefte det amerikanske publikummet rett i hjartet. Dei lagde TV saman, la ut på turné saman, spelte inn plater saman – og plutseleg hadde også Dolly Parton blitt ein superkjendis.

Porter sleit med å takle Dolly sin aukande popularitet. Det var han som skulle vere stjerna. Dolly skulle vere hans «wonderful little gal», som skulle stå ved sidan av og synge fint.

Den unge kvinna hadde derimot heilt andre ambisjonar.

Porter Wagoner og Dolly Parton 1969.

COUNTRY-DUO: Porter Wagoner og Dolly Parton i 1969.

Foto: Moeller Talent, Inc. Nashville / Wikimedia Commons

Ho skreiv songar i eit forrykande tempo. Når Porter hadde skrive ein song, hadde Dolly skrive tre. Ho var i ferd med å bli ei hittmaskin – og han var i ferd med å miste kontrollen. Porter begynte å sjå på «side-kicken» sin som ein trussel.

Då dei skulle spele inn songen «Jolene», skulle Porter vise studiogitaristen korleis han skulle spele låten. Men han fekk ikkje riffet til å sitte. Etter ei stund vart Dolly så utolmodig at ho tok gitaren og spelte sjølv.

I 1973 var stemninga så dårleg at Dolly bestemte seg for å forlate samarbeidet. Men korleis skulle ho kommunisere dette på best mogleg måte? Det måtte bli med ein song. Ho gjekk heim for å skrive same kveld.

Dagen etter møtte ho opp på kontoret hans, bad han om å setje seg i stolen, og begynte å synge:

«If I should stay, I would only be in your way
So I'll go, but I know
I'll think of you every step of the way

And I will always love you
I will always love you»

Porter Wagoner begynte å grine og sa at dette var den finaste songen Dolly Parton nokon gong hadde skrive. Han gav Dolly løyve til å fare, så lenge han fekk produsere den siste plata. I 1992 lagde Whitney Houston ein coverversjon av låten til filmen «Bodyguard».

«I will always love you» er framleis den best selde songen frå ein kvinneleg artist nokon gong, med over 45 millionar selde plater!

Laster Giphy-innhold

Kjærleiken Dolly Parton skreiv om i songen, er av den vilkårslause typen – som berre gir og gir, sjølv om ho ikkje får noko tilbake. Eller det vil seie, ho fekk noko tilbake frå Porter Wagoner: mykje skitsnakk i media og eit søksmål på 3 millionar dollar.

Porter meinte han framleis hadde krav på nokre prosentar av Dolly sine inntekter, og at han framleis skulle vere manageren hennar i fem år. Han skulda ho til og med for å ha brote seg inn på kontoret hans og stole 130 plater med musikk.

Dolly ville ikkje kjempe mot den tidlegare partnaren sin. Ho gjekk med på eit forlik, og brukte fleire år på å betale han tilbake 1 million dollar.

Fleire år seinare hadde Dolly blitt ei superstjerne. Porter hadde blitt ein avdanka countrymusikar. Han var på randa til konkurs og skulda skattemyndigheitene masse pengar. Dette var ei gyllen moglegheit for Dolly å leite fram popkornet og sjå at han fekk som fortent. Men det hadde ikkje vore heilt hennar stil.

I staden kjøpte ho opp selskapet hans, og gav det gratis tilbake til Porter. Dei tok opp igjen kontakten, og vart verande nære venner. Då han låg på dødsleie, sat Dolly ved sjukesenga og var med han til siste slutt.

Produsent Shima meiner historia med Porter Wagoner forklarar kvifor Dolly ikkje har fiendar.

– Fordi ho gjorde som ho gjorde, har resten av avgjerdene hennar vore enkle. Ho vel å alltid tilgi i staden for å dømme, splitte og hate. Det er ikkje sikkert du vil bu i Dolly Partons Amerika, men ho vil aldri tvinge deg til å dra.

Outsidaren Dolly

Dolly Parton har vore som ein magnet på dei som står utanfor i samfunnet – og dragninga har gått begge vegar.

Ho fekk inspirasjonen til stilen sin då ho var på bytur med familien sin i barndomen. Der fekk ho sjå kvinnene som selde sex på gatehjørna.

– Dei vart kalla «trashy» fordi dei hadde blondt hår, naglelakk og tronge klede. Eg syntest dei var vakre, seier ho i sjølvbiografien «Dolly on Dolly».

Dolly har blitt eit symbol for den skeive kulturen i USA (sjølv om ho har levd i eit heterofilt ekteskap i 54 år). Men om ho hadde blitt født som gut, har ho sagt at ho ville vore ei «drag queen».

Film premiere of "Dumplin" - Arrivals

DOLLY?: Tru det eller ei. Dette er faktisk ikkje Dolly, men drag queen Jason Cozomo som har kledd seg ut som ho. Dolly Parton er ei av dei mest populære kvinnene å kle seg ut som for menn.

Foto: Mark Ralston / AFP

Shima har observert Dolly i mange ulike sosiale samanhengar. Saman med pressa, teamet sitt, forretningspartnarar, på den raude løparen og med familien sin. Ho seier countrystjerna har ei unik evne til å legge merke til folk rundt seg, sjølv om dei ikkje tiltrekker seg like mykje merksemd.

– I middagsselskap er ho veldig merksam på alle personane i rommet. Ho passar på at alle føler seg sett og verdsett, seier Shima.

Jad og Shima oppdaga også at Dolly appellerer til folk langt utanfor USAs landegrenser. Det viser seg at Dolly Parton også er ein av dei mest populære artistane i Kenya.

Den kenyanske countryartisten Esther Konkara er mest kjent for å covre Dolly Parton-songar. Til podkasten seier ho at songen «My Tennessee Mountain Home» minner ho om hennar eigen oppvekst, på landsbygda utanfor Nairobi.

– Eg tenkjer på plassen eg kjem frå. Eg kjem frå eit kupert område, frå fattigslege kår på landsbygda. For meg er Tennessee dei åsane eg sjølv kjem frå, forklarar ho.

Folk frå ulike deler av verda vitnar om at Dolly Partons musikk gir dei ei universell kjensle av å «kome heim». Dette er også noko som kjenneteiknar countrymusikken på generell basis. Musikkstilen har vakse i takt med ei aukande urbanisering. Ikkje berre i USA, men over heile verda. Folk saknar «heimen» dei ein gong kom frå på landsbygda.

Dolly har blitt sjølve personifiseringa av denne historia. Overalt kor ho går, snakkar ho alltid om den vesle hytta ho vaks opp i, saman med elleve søsken, «in The Great Smoky Mountains in East Tennessee».

***

Det finst tusenvis av grunnar til å forklare Dolly Partons popularitet. Sjølv tileignar ho mykje av suksessen dei siste åra til rolla ho hadde som «Tante Dolly» i den populære TV-serien Hannah Montana på 2000-talet.

Gjennom serien fekk millionar av ungar, som no er i ferd med å bli unge vaksne, opp auga for Dolly. For ti år sidan var 80 prosent av tilhengarane hennar over 55 år, i dag er 80 % under 55, ifølge Dolly Parton's America.

61st Annual GRAMMY Awards - Inside

DOLLY & MILEY: Dolly Parton er gudmora til Miley Cyrus. Ho spelar også tanta hennar i TV-serien Hannah Montana.

Foto: Kevin Winter / AFP

Det finst også fleire grunnar til kvifor ho er så lite upopulær. Her er det derimot også ein veldig tydeleg grunn.

Dollytikk

17. september 2017:

Jane Fonda, Lily Tomlin og Dolly Parton går på scenen for å dele ut pris under Emmy-utdelinga i Los Angeles. Trioen er kjent frå den store kassasuksessen «Nine to five» (eller «Hvordan bli kvitt sjefene» som filmen heiter på norsk) frå 1980.

Filmen handlar om tre kvinnelege tilsette som vil ta hemn over den ufyselege sjefen deira. Når dei tre kvinnene skal dele ut Emmy-pris, nyttar Jane og Lily høvet til å hente opp eit kjent sitat frå filmen:

«Vi nektar framleis å la oss kontrollere av ein kjønnsdiskriminerande, sjølvopptatt, lygande og hyklersk mannssjåvinist» sa Lily Tomlin frå scenen – eit openbert sleivspark mot presidenten.

Lily Tomlin, Dolly Parton og Jane Fonda

PRISUTDELARAR: Lily Tomlin, Dolly Parton og Jane Fonda spelte hovudrollene i filmen «9 to 5». Her er dei saman igjen for å dele ut pris under Emmy Awards 2017.

Foto: Chris Pizzello / AP

Ein ser tydeleg at Dolly blir ukomfortabel. Ho sperrar opp auga, ser vekk og trekkjer på skuldrene. Prisen dei skal dele ut er for årets beste mannlege birolle (supporting role). Dolly er dermed rask til å ufarleggjere situasjonen, og slenger ut sitt sterkaste distraksjonsvåpen: ein klassisk puppespøk.

«Well, I know about support», seier ho og peiker mot brysta sine. «If it weren’t for support, Shock and Awe here would be more like Flopsy and Droopy.»

– Ho nektar å snakke om politikk. Det er hennar største «shutdown» i eit intervju, seier Shima.

Dette fekk Jad og Shima oppdage opp til fleire gongar medan dei intervjua countrystjerna.

– Eg har for mange fans på begge sider av gjerdet. Eg har sjølvsagt eigne meiningar om alt, men eg lærte for mange år sidan å halde kjeft om slike ting. Eg såg kva som skjedde med «Dixie Chicks», seier Dolly i podkasten.

Hendinga Dolly refererer til skjedde i 2003. Under ein konsert i London sa ein av songarane i country-trioen «Dixie Chicks» at bandet skamma seg over dåverande president George W. Bush.

Utsegna førte til drapstruslar og ein massiv boikott av gruppa på amerikanske radiostasjonar. Bandet har riktig nok seinare gjort suksess igjen, men fekk seg ei solid ripe i country-lakken.

Dolly vil ikkje såre nokon av tilhengarane sine, og er difor svært forsiktig med kva ho seier. Ho er også ærleg på at ho er ei taktisk businesskvinne. Ei svært vellykka businesskvinne. Og mange fans betyr også mange pengar i kassa.

Ifølge den britiske nettstaden «Smooth Radio» er ho den sjette rikaste artisten i verda, med ei formue på ca. 500 millionar dollar. I tillegg til musikken kjem mykje av innteninga frå «Dollywood», ein stor fornøyelsespark i Tennessee med 4 millionar besøkande i året.

Ho har heller ingen planar om å kvile på laurbæra med det første. Sjølv døden blir inga hindring for countrystjerna. Ho er nemleg førebudd.

Sankt Dolly

– Eg har tusenvis av songar, mange av dei har aldri blitt spelt inn. Det er nok material til å halde fram med å gi ut musikk for alltid. Eg planlegg for framtida, seier Dolly i slutten av siste episode av podkasten.

Det kan verke som Dolly alltid har hatt ein plan, heilt sidan ho forlét barndomsheimen i fjella for å følgje den store countrydraumen på slutten av 60-talet. I 1977 avslørte ho kanskje litt av løyndomen bak suksessen.

Då spurte programleiaren Barbara Walters om Dolly følte seg som ein vits, og at folk gjorde narr av ho.

– Eg veit dei gjer narr av meg. Alle desse åra har folk trudd at dei har tulla med meg, men det er faktisk eg som tullar med publikum, svara Dolly.

Laster Giphy-innhold

PS: Denne saka er basert på podkasten «Dolly Parton's America», dokumentaren «Here I Am» og artikkelen «Is There Anything We Can All Agree On? Yes: Dolly Parton» i New York Times.

PPS: Fredag 6. mars 2020 arrangerer NRK nasjonal Dolly-kveld i samarbeid med Litteraturhuset i Oslo. Sendinga blir send på NRK P2 frå kl. 19:03 til 21:00.

Anbefalt vidare sjåing:

1984-1996: Mens Garth Brooks slår alle rekorder, viser Johnny Cash at de gamle fortsatt er eldst.

Sjå resten av «Countrymusikkens historie» i NRK TV her.