Hopp til innhold

Palestinske artistar: – Aurora støtter opp om kvitvasking av Israel sin okkupasjon av Palestina

Fleire palestinske artistar har skrive under på eit brev til artisten Aurora.

Aurora Aksnes

OPPTRER I ISRAEL: Aurora Aksnes sine komande konsertar i Tel Aviv skapar reaksjonar.

Foto: Caroline Tolfsen / NRK

I brevet stiller dei artisten til veggs fordi ho skal opptre i Tel Aviv.

Kva intensjonane dine enn er, vil det å spele i Tel Aviv bli sett på som at du sluttar opp om kvitvaskinga av Israel sin okkupasjon og brot på menneskerettane til palestinarane.

Aurora Aksnes skal snart ut på turné. Ho skal halde i alt 30 konsertar inn- og utland, blant dei er to konsertar i Tel Aviv 14. og 15. november.

Artisten har lagt ut turnélista si på Facebook, men dei to konsertane i Israel glimrer med sitt fråver i oversikta, skriv Klassekampen.

Palestina-komiteen har alt kritisert Aurora Aksnes fordi den meiner artisten har forsøkt å skjule at ho skal opptre i Israel i november.

Blant dei som har reagert på dette er nestleiar i Palestina-komiteen, Øystein Grønning og medlem i det nyleg oppløyste bandet Razika, Embla Karidotter.

Massive reaksjonar

Aurora sin manager Geir Luedy seier til NRK at dei har fått massive reaksjonar for dette.

– Eg tek det fulle og heile ansvaret og legg meg heilt flat, seier Luedy.

Han er ueinig i at dei forsøkte å skjule konsertane.

– Vi gjorde det fordi vi ville hindre merksemd rundt konsertane elles i verda. Vi ser nå at det var heilt feil handtering av saka. Vi kjem ikkje til å gjere det same igjen, seier Luedy.

Oppfordrar Aurora til boikott

11 palestinske artistar beståande av dansarar, filmregissørar, songarar og skodespelarar har skrive under på eit brev til Aurora. I brevet står det at dei er særs lei for å høyre at Aurora skal opptre i Tel Aviv i november.

Vidare i brevet står det følgande:

«Som palestinske artistar bed vi deg stå saman med dei tusenar av artistar over heile verda som nektar å la kunsten «kunst-vaske» Israel sin okkupasjon og apartheid, men heller bidra til vår fredelege kamp for fridom og rettferd.»

Aurora ønsker ikkje å kommentere brevet, men gjentek til NRK den same kommentaren som ho gav til Klassekampen tidlegare:

«Eg likar godt å blande politikk og musikk. Og snakke om nestekjærleik og empati. Om kjærleik og styrke. Alt ein skulle tru alle menneske visste alt om, men som vi likevel trenge musikk til å minne oss på. Musikk er veldig vakkert sånn, at det kan røre i menneske utan å vere ein lærar, og leie menneske utan å vere ein leiar. Musikk berre vekker ting i oss som vi alt er skapt for å vere, eller å føle på. Og eg kan ikkje la nokon sin politikk stoppe meg i å dra til menneske og røre i dei. Eg trur det er det beste ein musikar kan gjere. Og kanskje det viktigaste.»

Kulturstrøm

  • Vónbjørt Vang fra Færøyene får Nordisk råds litteraturpris

    Nordisk råds litteraturpris 2025 tildeles diktsamlingen «Svørt Orkidé» av Vónbjørt Vang fra Færøyene.

    Dette er første gang siden 1986 at litteraturprisen går til en forfatter fra Færøyene.

    – Med sine hudløse dikt og et sterkt visuelt uttrykk har Vónbjørt Vang skapt et verk som utvider moderskapets språk og gir sorgens vesen nye dimensjoner, står det i juryens begrunnelse.

    Også Nordisk råds filmpris gikk til en fra Færøyene. Prisen gikk til færøyske filmen «Seinasta paradís á jørð» av regissøren og manusforfatteren Sakaris Stórá.

    Dag Johan Haugerud var Norges kandidat til Nordisk Råds filmpris for 2025. Hadde han vunnet, så ville han vært den første som vant prisen tre ganger.

    Hver pris er på 300 000 danske kroner og deles ut i forbindelse med Nordisk råds sesjon i Stockholm 28. oktober.

    Bilde av en kvinne med grått hår.
    Foto: Ana Holden-Peters / NRK
  • Skuespiller Jan Frostad er død

    Den bergenske og profilerte skuespilleren Jan Frostad døde i Trondheim etter kort tids sykdom mandag 20. oktober.

    Det melder sønnen hans i en pressemelding.

    I løpet av skuespillerkarrieren har Frostad medvirket i over 150 produksjoner, alt fra teater, radioteater, fjernsynsteateret, film og TV-serier.

    en mann og kvinne som sitter på en sofa
    Foto: Ned Alley / NTB
  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK