I helga vart det klart at Fylkesmannen opnar for at det blir oppretta eit
, til trass for at politikarane i Sel tidlegare har sagt nei.Les:
Hytteeigarar i området har heile vegen protestert kraftig mot planane. Argumentet dei har brukt er at området ligg for langt frå tettbygd strøk til at det eignar seg for asylsøkjarar.
– Vi er djupt skuffa, og eg har fått dusinvis av telefonar frå folk som er skuffa. Vi undrar på kva dei har tenkt, seier ein av hytteeigarane, Odd M. Løvaas.
– Kan kjøpe vegen
Han innrømmer at dei nå føler seg nøytralisert, men meiner fortsatt at dei har moglegheit til å stoppe det planlagte mottaket.
– Eg fekk ein telefon i går der det vart stilt spørsmål om vi kunne kjøpe den private vegen opp til området. Det virkar kanskje som ein ønskedrøm, men eg vil vere med og lansere det. For dersom vi kjøper vegen så har vi jo eit middel å bruke mot asylmottaket, seier Løvaas.
Les også:
Les også:
Han seier at dei uansett ikkje har tenkt å gje opp kampen mot asylmottaket med det fyrste.
– Det er fortsatt mykje vi kan gjere. Vi kan mellom anna sende saka til sivilombodsmannen eller køyre saka i sivilretten. Men det er jo utruleg dyrt, så spørsmålet er om vi har råd til det.
Det er nå opp til UDI om dei fortsatt vil etablere asylmottaket på Rondeslottet, og det blir truleg avgjort tysdag.