Hopp til innhold

Voldsomt uvêr over Innlandet

Husbrann og oversvømming etter torevêr og voldsomt regn i Hedmark og Oppland.

Kraftig tordenvær i Hamar

Slik såg det ut på Hamar i natt. Eit voldsomt uvêr har herja over store delar av austlandet.

Foto: Audun Kristiansen / NRK

Eit kraftig uvêr med lyn og store mengder regn kom inn over Austlandet mandag kveld og natt.

Særleg var konsekvensane store i dei sørlege delane av Hedmark.

Mange tre over vegen

Både på fylkesveg 21 i Eidskog og på riksveg 200 i Kongsvinger blir det meldt om at fleire tre har velta over vegen.

– På sistnemnte har vegmannskap jobba med å rydde, og dei har fått hjelp av ein gardbrukar med traktor for å få rydda vegen, seier operasjonsleiar Arild Olsen i Hedmark politidistrikt.

Store nedbørsmengder førte også til at Statens vegvesen måtte stenge Vingertunnelen på riksveg 2 mellom Kongsvinger og Magnor klokka 4 natt til tirsdag.

– Vi hadde håpa å kunne opne denne att klokka 6 i dag tidleg. Nå ser det ut til å bli litt forsinka, men vi reknar med å opne den ganske snart, sa Rune Wahlstrøm i Statens vegvesen til NRK klokka 6 tysdag morgon.

Oversvømming på politihuset

Regnmåler

Det kom svært mykje nedbør i løpet av natta. Denne regnmålaren vart tømt i går...

Foto: Linda Vespestad / NRK

Også for brannvesenet har det vore ei svært hektisk natt. Rundt ti brannalarmar gjekk på grunn av uvêret, og brannvesenet måtte rykke ut til alle for å sjå til at alt var i orden.

– Det var eit frykteleg uvêr, og vi måtte køyre i 20 kilometer i timen. Vi har hatt mange oppdrag, og måtte mellom anna hjelpe til med å fjerne eit tre som hadde velta inn på eit tak på fengselet i Kongsvinger, seier Bjørn Stolt i brannvesenet.

Dei måtte også ta turen innom sine vener i politiet for å fjerne vatn som hadde runne inn i kjellaren.

– Det var nokre rom og heissjakter som var oversvømte. Det kunne vorte større skader dersom vi ikkje hadde fått fjerna det, seier Stolt.

Ifølgje Dagbladet vart det registrert opp mot 1000 lyn i timen på det verste.

Brann i hus og stabbur

I Osdalen i Åmot kommune i Hedmark vart det meldt om ein bustadbrann ved 3-tida i natt. Det hadde starta å brenne i sikringsskåpet og på loftet, men huset fekk berre mindre skader.

På Bøverbru i Østre Toten starta det å brenne i eit stabbur. Torevêret var truleg årsaka.

Ifølgje politiet var det ikkje fare for at brannen skulle spreie seg vidare til andre hus i området.

Tordenvær

Lynet slo ned opp til tusen gonger i timen i natt.

Foto: Audun Kristiansen / NRK

Flere saker fra Innlandet