Hopp til innhold

Vil bruke studentar mot influensaen

Elverum kommune vil dra nytte av byen sine sjukepleiarstudentar i kampen mot svineinfluensa.

Vaksinering (Illustrasjonsfoto)

Elverum kommune håpar sjukepleiarstudentar kan vere med i kampen mot svineinfluensa.

Foto: colourbox.no

Rundt om i kommune-Noreg blir det nå jobba på spreng med å redusere verknadene av den varsle influensa-pandemien.

I Elverum ber dei nå høgskulen hjelpe til med å vaksinere folk mot svineinfluensa utover hausten.

- Kommunen vurderer eit samarbeid i fyrste rekkje med tredjeårsstudentar ved studiet for sjukepleiarutdanning ved Høgskolen i Hedmark , seier fagsjef for familie og helse i Elverum kommune, Roye Heine Olsen, til lokalavisa Sør-Østerdal.

Kommunen har nå sendt ein førespurnad til høgskulen, og studentane skal kunne nyttast som hjelpevaksinatørar.

Les meir om svineinfluensa her.

Fleire smitta

Omlag 400 personar har foreløpig fått påvist svineinfluensa her i landet, men det er venta at dette talet vil stige drastisk når influensaen byrjar å smitte fritt.

Tidlegare har det vorte varsla at sjukefråveret kan kome opp mot 40 prosent når pandemien slår inn for fullt. Helsedirektoratet reduserer nå dette anslaget.

- Vi meiner nå at det er tilstrekkeleg å planlegge med eit høgaste anslag for fråvær i arbeidslivet på 25 prosent ved denne influensapandemien, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen.

Ifølgje avisa GD kan 24 personar i Oppland nå ha fått svineinfluensa. Førre veke vart det også varsla om det fyrste tilfellet i Hedmark.

Les også: - Barn skremmes av svineinfluensa