Les også: Sette fri etter våpentjuveri
Les alt om våpentjuveriet frå Jørstadmoen
- Vi er nær ved å finne alle våpna som vart stole frå Jørstadmoen militærleir, opplyser Bjørn Bergundhaugen, politistasjonssjef på Lillehammer.
11 personar har vore pågripne, to hovudmenn har tilstått.
Det er status etter det store tjuveriet frå Jørstadmoen militærleir, der over 120 våpen vart stole.
Bjørn Bergundhaugen.
- Vellykka
- Vi er godt fornøgde med den raske oppklaringa, seier stasjonssjef Bjørn Bergundhaugen, hjå Lillehammerpolitiet.
- Konklusjonen er at etterforskinga har vore vellykka frå fyrste dag, seier Bergunhaugen.
Privatetterforskar Leif A. Lier meiner politiet har god grunn til å vera fornøgde.
- Dette er godt politiarbeid, seier Lier.
Samarbeid
Politiet stod utan spor 26. august. Men det vart tidleg spekulert i at nokon innanfor leiren hadde vore med på tjuveriet.
- Vi har eliminert mykje etterkvart, og stod att med få namn på blokka, fortel Bergundhaugen.
- Det største problemet gjennom mange år er at politieinheiter ikkje har klart å jobbe saman, men slik vart det ikkje nå, seier Lier.
Leif A. Lier (Foto: Scanpix)
Funne mange våpen
- Det tok tre veker frå innbrotet, til ein tidlegare løytnant hamna bak lås og slå, men framleis står det mange avhør og mykje arbeid att, seier Bergundhaugen.
Nå er dei to hovudmennene bak våpentjuveriet tatt, og Bergundhaugen trur dei vil koma heilt i mål med saka.