Hopp til innhold

Ungdom drikk meir

Dagens ungdommar drikk meir enn dei som var unge for ti-femten år sidan. Det viser ei undersøking som er gjort i perioden mellom 1990 og 2004.

Ungdom drikk meir
Foto: Stig Westre / NRK

Av undersøkinga går det fram at det samla alkoholforbruket har gått opp med 50 prosent. Årsaka er ikkje at det er fleire som drikk, men at dei som drikk, drikk meir.

Auken er størst på brennevin og rusbrus.

 

Brennevin populært

Tre av fire ungdommar under 18 år seier dei har vore rusa ein eller annan gong. 15-16-åringar drikk spesielt mykje brennevin, seinare går mange over til øl. Undersøkinga fortel elles at jenter under 18 drikk mest rusbrus, gutar drikk mest øl.

Stasjonssjef ved politistasjonen i Gjøvik, Terje Ottersen, seier ungdomsdrikkinga har vorte eit problem.

- Vi har erfart ein del heime-åleine-festar som har kome heilt ut av kontroll. Politiet har gjerne vorte tilkalt og kome til hus og leilegheiter som har vore øydelagde innvendig, seier Ottersen.

Herjingane kan vera så ille at det blir skadeverk for fleire hundre tusen kroner. Ein del av øydeleggingane er det festdeltakarane som er ansvarleg for. I tillegg er det ungdommar som har vorte nekta å koma inn, som begynner å kaste stein mot bustaden.

Innkallar foreldre

Politiet blir tilkalt kvar gong ungdommar gjer noko ulovleg. Når dei oppdagar rusa ungdommar i gatene i Gjøvik, innkallar dei foreldre til bekymringssamtale. Det har vore tilfelle med ungdommar ned til 13-14 årsalderen.

- Vi har mistanke om at det er eldre venner som skaffar dei drikkevarene, dei som sjølve er gamle nok til å få kjøpe, seier Ottersen.

Det er ikkje nytt at ungdommar drikk, og at mange drikk ein god del. Men Ottersen meiner det nå er ein tendens til at mange av dei unge ikkje berre drikk litt, men at ei stor gruppe er svært rusa.

  

 

 

Flere saker fra Innlandet