Hopp til innhold

Ung kvinne funne død i Rendalen

Politiet fekk i går ettermiddag melding om at ei kvinne i 20-åra var funne død utanfor bustaden sin i Rendalen.

Død kvinne funnet død i Rendalen

KIriminalteknikarar jobbar no med å finne årsaka til

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Fleire kriminalteknikarar jobbar no med å finne årsaka, og politiet driv med etterforsking på staden.

Politiet seier at dei ser på dødsfallet som mistenkeleg, fyrst og fremst fordi det er ei ung kvinne som er funne død, utan at dei kjenner årsaka.

Politiet fekk melding om hendinga kl. 17.19 i går ettermiddag, og det var ambulansepersonell som varsla politiet.

Den unge kvinna vart funne av ambulansepersonell utanfor bustaden sin i Rendalen.

Instatsleiar i Hedmark politidistrikt Trond Sulen seier at det ikkje er noko ytre teikn eller funn på staden som tyder på at det har gått føre seg ei kriminelt handling.

–Både politi og kriminalteknikarar jobbar no med å finne årsaka til dødsfallet, seier Trond Sulen i politiet i Hedmark.

Kvinna er no sendt til obduksjon, og ein førebels obduksjonsrapport vil vera klar fyrst i morgon, opplyser politiet.

Vi oppdaterer saka.