Hopp til innhold

Ukjent med homo-mobbing

Leiinga ved Hamar katedralskole kjenner ikkje til at ein lærar skal ha mobba ein homofil elev.

Hamar katedralskole

Leiinga ved Hamar katedralskole kjenner ikkje til at ein lærar skal ha fortalt ein elev at homofili er synd.

Foto: Simen Sveen / NRK

I dag sender Skeiv Ungdom i Innlandet klage på ein lærar ved skulen. Dei meiner at han har teke med seg ein elev ut på gangen og fortalt han at homofili er synd.

- Vi kjenner ikkje til ei slik episode, seier informasjons- og samfunnskontakt ved skulen, Tor Ola Slagsvold.

Ei ny studie frå Senter for atferdsforsking viser at halvparten av alle homofile gutar i 10. klasse blir mobba.

Video nsps_upload_2009_4_23_11_12_5_3750.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Homohets er eit stort problem, seier leiar av Skeiv Ungdom Innlandet, Gabriel Kjølsø Morkemo.

Vil ta det opp

Slagsvold seier at dei vil følgje opp denne saka, dersom det viser seg at det faktisk blir sendt ei klage.

- Dersom dette stemmer vil vi sjølvsagt ta opp saka så fort som mogleg å finne ut kva som eigentleg har skjedd.

- Tek de slike klager på alvor?

- Det er klart at vi gjer det. Det er i vår interesse å få klarlagt kva som faktisk har skjedd her, seier Tor Ola Slagsvold.

Flere saker fra Innlandet