Hopp til innhold

Tynset-drapet: Drapssikta mann hevdar kvinne skaut seg sjølv

Den tyske mannen som er sikta for å ha drepe ei 24 år gammal tysk kvinne i Tynset, hevdar ho skaut det første skotet sjølv.

Falningsjøen drap still

DRAP: Det var ved Falningsjøen i Tynset kvinna vart funnen død i midten av oktober.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Det kom fram i eit rettsmøte måndag, ifølgje det tyske nyheitsbyrået DPA og Westfälische Nachrichten.

Den tyske mannen i 20-åra som er sikta for drapet på kvinna, har sagt lite til politiet fram til no.

Den sikta var kjærast med kvinna og vart pågripen i heimlandet i midten av oktober. Paret var på bubilferie i Skandinavia då drapet skjedde.

VG har også omtalt saka.

Les også Etterforsker drap på tysk kvinne i 20-åra i Østerdalen

Politihuset i Elverum

Vart skoten

Obduksjonen av kvinna viste at ho var skoten to gonger, der det første skotet var dødeleg.

Ho hadde også brannskadar som skal ha blitt påført etter ho døydde.

No hevdar den drapssikta mannen at det var kvinna sjølv som skaut det første skotet.

Drap falningsjøen 1

Norsk politi gjorde fleire undersøkingar på staden der kvinna vart funnen.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Norsk politi overførte etterforskinga av drapssaka til tysk politi i november.

Mannen sit framleis varetektsfengsla. Ifølgje den tyske statsadvokaten skal saka opp for retten i Tyskland.

Mannen har ikkje erkjent straffeskuld.

Les også Kvinna som vart funnen død i Tynset skal ha blitt skoten

Falningsjøen drap still

Meldt sakna av familien

Politiet fann den 24 år gamle tyske kvinna død i fjellet ved Falningsjøen i Tynset onsdag 18. oktober.

Då hadde ho vore meldt sakna av familien i åtte dagar. Dei meldte ho sakna då ho ikkje kom heim etter bubilferien med kjærasten.

Kvinna vart funnen ved Falningsjøen på Kvikne i Tynset kommune.

Kjærasten hennar kom heim 5. oktober. Til vener og familie sa han at dei hadde krangla og at kvinna hadde forlate han i Sverige.

Ifølgje tysk politi hadde familien sist kontakt med kvinna i slutten av september.

Ho vart funnen etter at den tyske kjærasten hennar vart arrestert av tysk politi 17. oktober. Det var han som leidde politiet til funnstaden.

Les også Tynset-drapet: Etterforskningen overføres til tysk politi

Tysk kvinne skutt i Tynset

Flere saker fra Innlandet

Administrasjonsbygget sykehuset innlandet

DPS-klinikken på Sanderud bryter loven i tvangsvedtak