Hopp til innhold

Trudde han drakk vatn – døde etter stutt tid

Ein trelastarbeidar i 60-åra døde stutt tid etter å ha drukke gift frå ei Farris-flaske. Han trudde flaska inneheldt vatn.

Alvdal Skurlag

ALVDAL SKURLAG: Bedrifta innrømmer uforsvarleg oppbevaring, mangelfull merking og for dårleg opplæring.

Foto: ALVDAL SKURLAG

Det var Aftenposten som omtalte saka fyrst.

Ulykka skjedde i oktober 2017, og flaska låg i ein bil som tilhørde Alvdal Skurlag i Nord-Østerdal, der mannen jobba.

Mannen i 60-årene skjønte raskt at det ikkje var vatn han hadde fått i seg og oppsøkte lege. Livet hans sto likevel ikkje til å redde, og han vart konstatert død etter nokre få timar.

Det viste seg at flaska inneheldt ein dødeleg konsentrasjon av stoffet natriumnitritt, som i fortynna form brukast til å teste kvaliteten på impregnert trelast.

Vedtok førelegg

Alvdal Skurlag vedtok før jul å betale ein føretaksstraff på 500.000 kroner etter hendinga og har også godtatt å betale 125.000 kroner kvar til mannens enke og to barn. Totalt 875.000 kroner.

Dette er ein djupt tragisk hending som vi er svært lei oss for og beklagar på det sterkaste overfor etterlatne og tilsette at dette skjedde, seier styreleiar i Alvdal Skurlag Gudmund Nordtun.

Alvdal Skurlag har erkjent at dei hadde mangelfulle rutinar.

– Bedrifta har erkjent mangelfulle rutinar for merking av farleg stoff, opplæring og risikovurdering for oppbevaring av farleg stoff, seier politiinspektør Henning Klauseie ved Innlandet politidistrikt til Aftenposten.

Politiadvokat Henning Klauseie

Henning Klauseie

Foto: Halvor Mykleby

Saka vart meldt inn som ei arbeidsulykke til Arbeidstilsynet 9. oktober 2017, skriv Aftenposten.

Bedrifta har skjerpa sine rutinar både for merking av farleg stoff, oppbevaring av dette og opplæring av dei tilsette etter ulykka.

– Dei etterlatne er tilfredse

Tom Sørum i Advokatfirmaet Ness Lundin er bistandsadvokat til dei etterlatne. Han seier til at dei er tilfredse med politiets etterforsking, og at arbeidsgjevaren erkjenner å ha opptredd klanderverdig.

– Når Alvdal Skurlag har vedteke føretaksstraffa og betale dei etterlatne ein oppreisningserstatning har dei også erkjent å ha opptredd klanderverdig, seier Sørum til Aftenposten

Mannen hadde vore tilsett i Alvdal Skurlag i mange år.

Dei etterlatne seier gjennom sin bistandsadvokat at dei ikkje ynskjer å uttale seg om saka, ifølge Aftenposten.

VEDTOK FØRELEGG: Alvdal Skurlag vedtok eit førelegg på totalt 875 000 kroner etter dødsfallet.

Flere saker fra Innlandet