Hopp til innhold

To døde i ulykke på Strynefjellet

To personar mista livet da ein buss og ein personbil kolliderte på riksveg 15 ved Grotli på Strynefjellet i Skjåk.

– Vi kan stadfeste at to personar er døde og at to er hardt skadd i ulykka, seier operasjonsleiar Edmund Tofthagen i Gudbrandsdal politidistrikt.

Alle dei fire sat i personbilen. Det var ein rutebuss frå Fjord1 som var involvert i kollisjonen, men ingen på bussen vart skadd.

– Tre luftambulanser og eit Sea King redningshelikopter er kalla ut, fortel operasjonsleiar Tofthagen.

Video Politiet om dødsulykke

Ulykka skjedde like etter klokka 16 fredag ettermiddag. Kva som er årsaka til kollisjonen er foreløpig uklart.

Får hjelp på hotell

Ulykke Strynefjellet

Ulykka skjedde aust for Grotli høgfjellshotell

Foto: Vigdis Kroken / Fjuken

Ulykka skjedde like aust for hotellet på Grotli. Ifølgje augevitne skjedde kolliderte bilen og bussen på ei rett strekke på riksveg 15.

Passasjerane på bussen får nå hjelp på Grotli høgfjellshotell.

– Vi har opna kaféen, og vil hjelpe til så godt vi kan. Det er utruleg hektisk her nå, seier Espen Opsahl, som jobbar ved hotellet.

Kriseteam og lege vart også utkalla til hotellet for å hjelpe passasjerane på bussen.

– Det var omlag 20 personar på bussen. Ingen av dei er fysisk skadd, men klart at det er mange som reagerer på det som har skjedd, seier Are Bergheim ved Grotli høgfjellshotell.

Ulykke Strynefjell

Ingen av dei 22 passasjerane i bussen fekk fysiske skader.

Foto: Geir Elling Nyland (tipsfoto)

Flere saker fra Innlandet