- Bussjåføren hindra ei enda større ulykke

Bussen vart ståande i ei skråning etter at den kolliderte med ein personbil aust for Grotli.
Foto: Vigdis Kroken/FjukenSjåføren på bussen som var innblanda i ei ulykke på Strynefjellet fredag ettermiddag klarte å hindre at bussen velta. - Dersom han ikkje hadde klart det kunne ulykka vorte langt verre, seier ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard.
Publisert 14.05.2010 19:30.
- Skriv ut
Det var like etter klokka 16 fredag ettermiddag at ein bil og ein buss kolliderte på riksveg 15 aust for Grotli i Skjåk kommune.
I personbilen var det fire personar, to av desse mista livet medan to er alvorleg skadd. Dei to skadde vart frakta til sjukehus i Trondheim for vidare behandling.
Ingen av busspassasjerane fekk fysiske skader etter ulykka.
Rosar bussjåføren
– Alle eg har prata med rosar sjåføren for måten han fekk den ned i vegskråninga på utan at den velta, seier ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard.
Han er sikker på at ulykka kunne vorte langt meir alvorleg dersom ikkje bussjåføren hadde handla som han gjorde.
– Da eg såg korleis bussen stod i skråninga så tenkte eg at det var ei lykke at den ikkje hadde velta. Mykje tydar på at dette kunne gått langt verre, seier Øygard.
Fekk hjelp av kriseteam

Ambulansemannskap frå heile Nord-Gudbrandsdalen vart kalla ut til ulykka på Strynefjellet.
Foto: Vigdis Kroken/FjukenDet kommunale kriseteamet, med prest og lege inkludert, vart raskt utkalla til staden.
– Det er klart at det er mange som har mykje tankar i hovudet, og det er mange som er prega av det som har skjedd.
Han fortel at kommunen og Grotli høgfjellshotell har fått ros for måten dei tok seg av dei 22 busspassasjerane på.
– Kriseteamet vårt har dessverre vore litt for ofte i sving i det siste, det har vore mange alvorlege ulykker. Men dei gjer ein fabelaktig jobb, seier Skjåk-ordførar Rolv Kristen Øygard.
Ein ny buss kom fredag kveld til Grotli for å frakte busspassasjerane vidare over fjellet.
Siste nytt fra Hedmark og Oppland
Torget: Hedmark og Oppland - Din lokale møteplass
Glomma vid Lagneland.
Stod på strandpromenaden vid Langeland og såg dette speilbilde. Glomma ER vakker…. [...]
Siste poster på Torget
Siste riksnyheter
- Førstepremien er 700 millioner - Himalaya har ikke mistet is
- Sp vil ha skog inn i klimameldinga
- Irak har henrettet 65 fanger i år
- EU utsetter krisepakke til Hellas
- - Politiske partier bør lære av oss
- –Kanskje signaler man burde sett
- En annen side av Kabul
- Russlands økonomiske hodepine
- «Hermetisk lokk» på Homs
- Maldivene: Ny leder slår ned på uro
- Norsk turist funnet død i India
- Gutter og jenter møtes hver for seg
- H&M ble «dømt» for lave lønninger
- Qvigstad hardt ut mot lekkasjar
- Åpner for å påstå Breivik-straff
- Nesten ingen vil ha Siv
- - Al Shabab ein del av Al Qaida
- Frykter Bashir går i farens spor
- Fransk parfymør tiltalt for rasisme
nrk.no/sport
Flere nyheter fra NRK Hedmark og Oppland
Stadig fleire unge blir demente - Henter Ringenes Herre-ekspertise
- Leter etter kvinne i Kongsvinger
- – Surrealistisk å bli gjenkjent
- Leverer øko-kjøtt til spisested
- Togtrikk vil koste 1,5 milliarder
- – Berger trenger mental trening
- Jervekongen på Dovre skutt
- Fikk et hav av gratulasjoner
- Flere kommuner har demensteam
- Papirløse krokodiller sliter
- Språklig forvirring i 40 mil
- Lokket familier med orgeltramp
- Pågrepet halvnaken i fjøset
- Robert Sørlie vant Femundløpet 2012


Solbakken et språklig forbilde




