– Ingrid ringte meg på telefonen etter å ha vore på visning. Eg hadde ikkje sett det – men eg stolte såpass på Ingrid at vi la inn bod.
Sveinung vrir om startnøkkelen på Fiaten på gardsbruket som ligg tre kilometer opp i fjellsida i Lom kommune.
– Ikkje visste vi korleis vi starta eller køyrde ein traktor. Men det lærte vi fort!
Sveinung har vorte god venn med sin Fiat-traktor.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKVart møtt med latter
35-åringen ser seg rundt på garden Nørdre Veslsætre og på utsikta inn mot Jotunheimen. Han tenker tilbake på ein skikkeleg regnvêrsdag for seks år sidan da dei budde i Lofoten.
– Eg sat og søkte på Finn etter småbruk i nærleiken av Jotunheimen. Så dukka småbruket opp i Lom og eg sende lenka til Ingrid.
Reaksjonen Sveinung fekk var berre ein liten latter før ho la det raskt bort.
Ein månad etterpå gjentok det dårlege vêret seg og Sveinung sende lenka på nytt.
– Etter å ha fått tenkt meg om eit par gonger så kjøpte eg meg flybillett og tok med meg mor på visning. Vi køyrde tre kilometer opp på ein dårleg veg før vi kom til ein ganske avsidesliggande stad, seier Ingrid Flyen Brandstad.
Sveinung og Ingrid skulle forsøke seg eitt år i Lom. No har det vorte seks år og to ungar, Åsmund og Sigurd.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKKjende ingen i området
Ho vart seld av den fine utsikta og slo på tråden til sambuaren sin.
– Beskjeden var at vi skulle kjøpe det!
Begge bestemte seg for å gjere eit stort livsval. Dei sa opp jobbane sine og tok med flyttelasset til småbruket der det venta mykje arbeid.
– Det einaste eg visste om området var at Arne Brimi var frå der. Det hadde eg sett på TV-programmet «Gutta på tur». I tillegg visste eg at det var fine klatrefjell i Jotunheimen.
Resten er historie som det heiter.
Snikkarverkstaden er flittig i bruk på garden. Det er spesielt ein friplass for Sveinung og han har lagt ned tallause timar her.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKNordmenn har over 5 millionar søk
Det er ikkje berre Sveinung og Ingrid som drøymer om eit anna liv på eit småbruk.
– Småbruk er framleis blant dei aller mest søkte kategoriane på Finn eigedom. Det har heldt seg stabilt i veldig mange år.
Det seier Eirik Dysthe, bustadekspert i Finn eigedom.
Kunne du tenkt deg å flytte til eit småbruk?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Sidan 2016 har nordmenn søkt etter «småbruk» 5,1 millionar gonger.
– Det toppa seg under pandemien der mange drøymde om ei enklare tid på landet med god plass og nærleik til naturen. Nordmenn er drøymarar, og småbruksdraumen lever i beste velgåande.
Eirik Dysthe frå Finn eigedom.
Foto: Kai Chen / FinnDysthe opplyser at ordet «småbruk» er eit av dei orda som er mest lagra blant brukarane.
I fjor vart det gjort 670.000 søk etter «småbruk» på Finn. Ei klar auke frå året før.
– For mange er kanskje draumen å bu tettare på naturen, og ha meir tid til kvarandre og til interessene sine. Dersom ein bur i storbyen lar ein seg kanskje freiste av tanken på meir plass, mindre trafikk og stress.
Bygd to klatreveggar på garden
For Sveinung og Ingrid passar den beskrivinga midt i blinken.
Sveinung er utdanna tømrar og ein ihuga friluftsmann, mens Ingrid er sjukepleiar og liker å ha litt meir plass å boltre seg på.
Etter å ha flytta til Lom har Sveinung skapt levebrød av si friluftsinteresse og vorte fjellførar.
– Noko av det fyrste vi gjorde var å etablere denne klatreveggen i siloen. Her er det ganske populært for både gjester og ungar å vere.
Klatreinteressa er ein av grunnane til at det unge paret flytta til Lom. Dei har bygd to klatreveggar på garden. Her ved den eine buldreveggen som er særs populær når dei får besøk.
Aleksandr Nedbaev / NRKIngrid viser fram den eine av to klatrevegger dei har laga seg på garden. Den er inne i fjøset som trengte ein god del kjærleik da dei tok over.
– Det har vore ein del jobb med det, men når vi bur så avsides må vi gjere det meste sjølv.
Det er ikkje berre to klatrevegger dei har bygd etter at dei tok over. Sveinung har bygd sitt eige snikkerverkstad og setra er restaurert.
– Vi har sett opp tre nye laftehus på garden der kanskje hønsehuset vart litt for råflott.
Ingrid og Sveinung har aldri angra på at dei tok valet om å flytte til Lom.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK– Mykje arbeid
Silkehønene spankulerer rundt i hønsehuset mens hanen passar på.
– Vi angrar ikkje og det har vorte slik vi tenkte. Det er klart at det er mykje arbeid, lite økonomisk gunstig og ikkje så mykje tilbod som i byane, men vi trivst utruleg godt, seier Sveinung.
– Det kan bli litt langt å køyre dersom ein skal bort, eller frakte ungane til barnehagen. I tillegg er det krevjande å halde i heft ein tre kilometer lang veg på vinteren, seier Ingrid.
Men angrar dei?
– Overhovud ikkje. Dette er heimen vår det no.
Silkehøner lever også eit godt liv i eit flott hønsehus på garden.
Aleksandr Nedbaev / NRKBegge trur mange fleire har lyst til å ta valet om å flytte ut av byen og ut på landet.
– Det er lett å hamne i den vanlege kvardagstralten der det er jobb, skule for ungar og livet berre skjer. Å flytte og kjøpe seg eit småbruk krev mykje og terskelen er nok stor for mange. Men dersom ein finn draumeplassen og berre bestemmer seg er det verdt det.
Går mot rekordår
Ifølgje Finn eigedom er det nok av alternativ å velje i ifølge deira eigne tal.
Faktisk så har det aldri vore ute fleire annonsar for gardsbruk og småbruk enn dei to siste åra.
– Så langt i år er det publisert 658 annonsar for gardsbruk/småbruk til sals. 2024 var det førebelse toppåret sidan vi starta å telje i 2019. Om trenden fortsett i år vil vi sette ny rekord i år, seier Dysthe.
Med trolsk utsikt til tider og inn mot fjella vart paret i Lom seld. Dei trur fleire kan tenke seg å kjøpe småbruk.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKFå gardsbruk ute til sals i Gudbrandsdalen
Det unge paret i Lom trefte blink på sitt fyrste forsøk. Sjølv om det ligg mange gardsbruk ute til sals i Noreg er det stor geografisk spreiing kor dei ligg.
I nord- og midt-Gudbrandsdalen er det til dømes berre 9 gardsbruk som ligg ute til sals i 9 kommunar når denne artikkelen skrivast.
– Vi har sjølv to vennepar som kunne tenkt seg og flytta dersom dei hadde funne eit småbruk til sals. Det er nok ein del familiar som sitt på tomme gardsbruk som dei ikkje vil selje. Det er forståeleg at det er knytt mykje kjensle til familiegarden, men kanskje er det lurt å sleppe til yngre krefter som vil bu og drive.
På garden har paret lagt ned tallause timar for å få det slik dei vil.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKI tillegg har dei høyrd at det er ein del gardsbruk som blir seld via kjentfolk eller i lukka grupper.
– Det er dumt for dei som ikkje har nokon tilknyting til området og som dermed ikkje får vite om desse.
Vart fort kjend
Sveinung og Ingrid skulle gje det eit år for å kjenne på om dei kom til å trivst eller ikkje. No har dei to ungar, grisar, høns og har fleire planar for Veslsætre.
– Vi kjente jo ingen, men no har vi hamna i eit veldig godt miljø. Vi har god plass til å boltre oss på og treng ikkje irritere oss over naboen. Vi oppfordrar fleire til å ta valet, men da må ein vere klar for litt arbeid!
Hei!
Takk for at du las artikkelen. Har du tankar om artikkelen eller andre tips kan du gjerne sende meg ein epost.