Det var seint laurdag kveld at Ap-politikar og sauebonde Halvor Sveen
ved Sjølisand i Rendalen.Han har påstått at den unge hannbjørnen vart skoten i naudverge da den angreip sauane og hunden hans.
- Ikkje dekkjande forklaring
Den forklaringa går ikkje politiet med på, og har nå sikta Sveen for brot på viltlova.
- Vi har ikkje sett noko som tyder på at sauane, hunden eller han sjølv har vore utsett angrep frå bjørnen. Vi kan heller ikkje sjå at noko slik angrep var i ferd med å skje, seier politiadvokat Henning Klauseie.
- Sveen har sagt at bjørnen fyrst angreip sauane og deretter hunden. Festar de ikkje lit til dette?
- Vi har merka oss hans forklaring, men vi har ikkje funne etterprøvbare spor som tilseier at den er korrekt, seier Klauseie.
- Sjokkert
Halvor Sveen er tillegg til å vere kommunestyrerepresentant også leiar for forvaltningsstyret i Rendalen som behandlar rovdyrspørsmål.
Han er nå sikta for brot viltlova sin paragraf 3 som har ei strafferamme på opp til to års fengsel.
- Eg er sjokkert , seier ein ordknapp Sveen til NRK etter at siktinga var klar torsdag ettermiddag. Han har engasjert kjendisadvokat John Christian Elden til å forsvare seg i denne saka.
Den drepne hannbjørnen er sendt til veterinær i Trondheim for obduksjon.