Verdas største sædcelle skal symbolisere nokre av tinga Stange kommune kan vere stolte av. Rike jordbruksareal og eksport av oksesæd.
Kommunestyret ville stille den ut på ei parkering på Uthus like ved E6. Det sa Statens vegvesen nei til, fordi dei var redde mange ville stoppe der for å ta bilete.
Men no har samferdselsminister, Knut Arild Hareide, sagt ja.
ENTUSIASTISK FOR KUNST: Knut Arild Hareide meiner staten må legge til rette for god kunst langs vegen.
Foto: William Jobling / NRKHan er begeistra for kunstverket.
– Ideen om ein slik skulptur som både seier noko om næringsverksemda i kommunen og «livets spire» er så bra, skriv samferdselsministeren til NRK.
Hareide meiner staten har eit ansvar å legge til rette for kunst og arkitektur langs norske vegar, og at skulpturen er veldig passande.
– Kunst skal både inspirere, provosere og skape debatt. Denne skulpturen spelar på alle desse strengane.
Ein lang kamp
Ordførar, Nils A. Røhne har kjempa lenge for at dette skal komme i hamn. Han har sagt at han ikkje kom til å gi seg.
Ordføraren har meint at sædcella er eit godt bilde på kulturen i kommunen. Dei er ei landbrukskommune. I tillegg har dei forsøks- og avlsstasjonen Geno.
HÅPAR PÅ FRUKTBARE RESULTAT: Stange kommune har kome med fleire forslag for å få på plass skulpturen.
Foto: NRK– Kommunestyret får no realisere det fleirtalet ønskte, med ei plassering ved Uthuskrysset, seier ordførar, Nils A. Røhne i Stange.
No skal saka gjennom det formelle i formannskapet. Så må dei møte andre krav frå ministeren.
– Etter godkjenninga i formannskapet er vi på god veg. Men det er fleire premiss som må på plass før saka er løyst.
Skulpturen blir laga i Kina og vil koste 1 million.
- Eit anna kunstverk som har vore veldig omdiskutert, er møkkaspreiaren i Kvam. Les om det her.
Trua på «ja» frå Vegvesenet
Godkjenninga til Samferdselsministeren legg til grunn at kommunen får ei avtale med dei driftsansvarlege for parkeringa. Og at trafikktryggleiken blir god nok.
Dersom dette er på plass kan dei søke om godkjenning frå Statens vegvesen på nytt.
KAN AKSEPTERE FORSLAG: Statens vegvesen vil godkjenne skulpturen dersom kommunen oppfyller krava.
Foto: PrivatEtter å ha sett kva kommunen er villige til å gjere, er det sannsynleg at Vegvesenet seier ja. Det fortel seksjonssjef, Hans Martin Asskildt.
– Dersom kommunen inngår avtale med vegeigar om reinhald, ikkje plasserer skulpturen på veggrunn, og sjølv ordnar flytting dersom løysinga ikkje fungerer, så vil Statens vegvesen akseptere det statsråden no har vedteke.
Elgen i Østerdalen er av same kunstnar. Den har fått merksemd mellom anna frå Elon Musk:
Hamar Arbeiderblad har også omtala saka.
Strekt seg langt for ein lukkeleg slutt
Stange kommune står sjølv for forslaget om vere ansvarleg for flytting, og ordføraren vil gjerne ha eit fruktbart resultat.
Nøyaktig når pendlarar og turistar kan få sjå verdas største sædcelle er derimot enno usikkert. Røhne har likevel tru på at skulpturen skal sleppe å ligge på eit lager.
– Han er enno i Kina, der han har blitt produsert, og vi har god tid til å løyse saka før han landar, seier ordføraren.