Å lage ammunisjon og produkt av aluminium krev mykje varme.
Til nå har ikkje Raufoss Industripark kunne bruke den til noko.
Difor har den blitt kjøla ned og sloppe ut i elva.
Nå ønskjer dei å sende den ekstra varmen ut til Raufoss, i fyrste omgang til fleire kommunale bygg.
– Vi har ein stad mellom 50 til 100 gigawatt-timar med overskot av energi frå industriparken.
Det seier Øivind Hansebråten, som er dagleg leiar i Raufoss Industripark.
Øyvind Hansebråten, dagleg leier i Raufoss Industripark, ynskjer å bruke overskotsvarma frå parken til å varme opp bustader.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKKlimanøytral innan 2040
Om eit par veker startar bygginga av 100.000 kvadratmeter nybygg til ammunisjonsfabrikken Nammo i industriparken.
Under legg dei eit lågtemperaturnett, som kan gje den ekstra varmen til dei andre verksemdene i parken.
Under ny industri i parken legg dei no eit såkalla lågtemperaturnett. Dei ynskjer å bruke overskotsenergien til meir enn å varme industrien i parken.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKDette er eitt av stega for at dei skal nå sitt eige klimamål: å bli klimanøytral innan 2040.
Nyleg kom ein rapport som slo fast at CO₂-utsleppa i verda er venta å bli høgare i år enn nokon gong tidlegare.
Nå vil industriparken også forsyne resten av Raufoss med straum, og kanskje litt til.
– Potensialet er så mykje større. Det kan også kan brukast til å varme dei fleste hus på Raufoss eller på Gjøvik på sikt, seier Hansebråten.
Men det kostar pengar. Mykje pengar.
– For å kunne få til det, så må ein gjere ein del investeringar. Der vil vi gjerne ha med oss det offentlege til å støtte ein miljøriktig, grøn utbygging.
Raufoss industripark ynskjer å varme opp heile Raufoss med overskotsvarmen sin.
Foto: Reidar Gregersen / NRK
Manglar mål og meining
I sommar gav Riksrevisjonen det glatte lag til regjeringa for deira klimaleiing og klimasamarbeid.
Den kritikken stiller Henning Andersen seg bak. Han er prosjektleiaren for industriparken sine klimamål.
– Dersom vi skal gjere store prosjekt for å betre nytte energien, og til slutt kutte utslepp, må vi samarbeide, grovt sett mellom offentleg og privat sektor, men også mellom selskap, seier Andersen og viser til samarbeidet mellom bedriftene i Raufoss Industripark.
Raufoss Industripark har mål om å bli klimanøytrale innan 2040.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKEnergiminister Terje Aasland (Ap) er ikkje heilt samd i denne kritikken frå Riksrevisjonen.
Han viser mellom anna til at regjeringa har sett målsettingar om utbygging av havvind og har laga nye rammeverk rundt vindkraft på land. Samstundes har dei pålagt store straumforbrukarar å greie ut lønnsemda ved bruk av varme.
– Vi har ein betydeleg fart, og har gjennomført ei rekkje tiltak i løpet av dei siste to åra.
Energiminister Terje Aasland (Ap) meiner regjeringa har tatt fleire grep for grønare kraftproduksjon.
Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK– Fullt fokus
Når det gjeld støtteordningar, peikar Aasland mellom anna på at regjeringa har auka løyvinga til Enova med 150 prosent.
– Vi har fullt fokus på at vi ønsker å ha industrien meir knytt til å gjere gode klimatiltak og klimainvesteringar.
– Då må òg industrien vere villig til å satse og gjere investeringar i dei tiltaka som er positive på lang sikt.
Internasjonale aktørar
I første omgang er målet til industriparken å bidra inn i det grøne skiftet.
– Det er ei stor investering som må bli tatt. Vi håpar at det etter kvart vil kunne bere seg økonomisk, men i første omgang er det motivert av å tenkje berekraft, seier Hansebråten.
Øyvind Hansebråten (til venstre) og Henning Andersen i Raufoss Industripark etterlyser meir støtte frå myndigheitene til grøn omstilling.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKHan legg samstundes ikkje skjul på at dei og håpar satsinga vil gje merksemd i den utanlandske marknaden.
– Håpet er at vi skal bli enda meir attraktive internasjonalt, tiltrekke oss utanlandske aktørar som ser at vi ligg langt framme på Raufoss når det gjeld å vere klimanøytrale.