Hopp til innhold

Rasar mot forslag om skolenedlegging: – Heilt forferdeleg

– Vi har endra planar. Om vidaregåande i Lom blir lagt ned, flytter vi ikkje heim att!

Hanna Flækøy Skjåkødegård i Skjåk

ENGASJERT: Hanna Flækøy Skjåkødegård og mannen hadde planar om å flytte heim til Skjåk. – Men vi flytter altså ikkje tilbake om den vidaregåande skolen blir lagt ned. Det kan eg ikkje gjere mot døtrene mine. Da må dei da dra 8 mil til Otta for å gå på vidaregåande.

Foto: Privat

Hanna Flækøy Skjåkødegård er opprørt. Den vidaregåande skolen i Lom i Nord-Gudbrandsdal er ein av fleire som står på lista over vidaregåande skolar i Innlandet som er foreslått nedlagt frå neste år. Fordi elevtalet går ned.

– Eg og mannen min gifta oss i fjor og fekk tomt til hus av foreldra mine, som vi rydda i sommar. Vi hadde sett for oss eit liv der vi kunne ta med oss jobbane våre og flytte heimover til dit vi kjem frå.

Les også Stadig færre unge og flere tomme pulter – vil legge ned flere videregående skoler

Fylkesordfører i Innlandet Thomas Breen (Ap), Johannes Wahl Gran (MDG) og fylkesvaraordfører Hanne Velure (H).

Skjåkødegård bor i Bergen. Der har ho gjort karriere som forskar ved Universitetet. Ho har to døtrer, på eitt og fem år.

Også mannen er frå Nord-Gudbrandsdal og begge har ønskja seg heim att.

– Syskena våre og fleire vener har flytta heim att etter at dei fekk barn. Men vi ønskjer ikkje at jentene må flytte på hybel i 15-16-årsalderen, seier ho.

Protestane strøymer inn

Etter at Hanna Skjåkødegård stod fram i lokalavisa GD i sommar, tok mange kontakt.

Så nå frontar ho ei aksjonsgruppe som jobbar hardt for å overtyde politikarane om å bevare skolen i Lom. Og til å tenkje nytt om skolestrukturen i heile Gudbrandsdalen. Dei kjøper ikkje argumentasjonen som ligg til grunn for forslaga frå fylkeskommunen.

Etter at forslaget vart lagt ut til høyring, strøymer det inn protestar frå heile Innlandet.

Høyringsfristen går ut laurdag 31. august.

To dagar før har det komme inn 225 høyringssvar frå kommunar, enkeltpersonar, næringsliv og organisasjonar. Nesten alle argumenterer for kvifor akkurat deira skole skal oppretthaldast.

Fryktar utanforskap

Ordførar i Nordre Land, Ola Tore Dokken (Sp), er blant dei som er svært bekymra. Den vidaregåande skolen i kommunesenteret Dokka er foreslått lagt ned. Kommunestyret der har sendt frå seg eit svært kritisk svar til forslaget.

For Nordre Land og nabokommunen Søndre Land er dette krise, meiner Dokken.

Ola Tore Dokken

Ordførar Ola Tore Dokken i Nordre Land ber fylkespolitikarane ta ansvar for gode lokalsamfunn. Han fryktar dramatiske konsekvensar dersom Dokka vidaregåande blir lagt ned og alle ungdommar over 15 år må pendle for å gå på vidaregåande.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Der er meir enn 20 prosent av befolkninga uføretrygda, dei ligg høgt på den nasjonale statistikken.

Han fryktar at nedlegginga av dei 300 skoleplassane ved Dokka vidaregåande skal føre til auka utanforskap, fleire arbeidsledige og fleire uføretrygda.

Elevane må da reise 4–5 mil for å gå på vidaregåande.

– Vi fryktar at fleire skal droppe ut av skolen når dei må bu på hybel eller pendle.

Nærare 50 tilsette ved skolen blir utan arbeid i bygda om den blir lagt ned. Nå meiner ordføraren at fylkeskommunen må ansvar for dei samfunnsmessige følgene av at skolen blir lagt.

– Nå er ikkje det med i reknestykket i det heile tatt.

Vil ha stabile skolar

Bak forslaget som nå ligg føre, står Høgre, Ap og MDG. Joakim Ekseth (H) leiar hovudutval for utdanning og er saksordførar.

IMG_4492

Leiar for hovudutvalet for utdanning i fylkestinget, Joakim Ekseth, seier trenden er klar: -Elevtalet går ned i Innlandet. Vi kan ikkje drive skolar med mange tomme pultar.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

– Dei siste åra har fleire av skolestadene og skolane hatt ustabile tilbod. Nokre år er det nok søkjarar til å fylle opp linene, andre er det alt for få. Da blir ikkje tilbodet starta opp. Slikt skjer når skolane blir for små.

– Vi ønskjer stabile tilbod på større skolar. Slik at både elevar og tilsette er trygge på kva som ventar dei neste skoleår, seier Ekseth.

Han innrømmer at mange får lang reiseveg, men seier at det viktigaste for at elevane skal gjennomføre vidaregåande er at dei får gå på den lina dei ønskjer seg.

Hanna Flækøy Skjåkødegård gir ikkje opp før saka er avgjort.

– Det er heilt forferdeleg om dei legg ned skolen i Lom nå. Da er veldig mykje tapt for all framtid. Og for kva? Lom er ein robust kvalitetsskole med høg oppfyllingsgrad år etter år.

Portrett av Hanna Flækøy Skjåkødegård

Hanna Flækøy Skjåkødegård meiner forslaget om nedlegging av skolen i Lom bygger på feil talgrunnlag. – Fylkeskommunen si framskriving viser faktisk at Skjåk. Lom og Vågå har fleire elevar i vidaregåande i 2038 enn i dag. Så kvifor legge ned?

Foto: Privat

Skjåkødegård vil argumentere heilt fram til vedtaket kjem.

– Og dersom skolen blir lagt ned, da er avgjerda vår endeleg. Vi blir i Bergen, Ottadalen og Innlandet er ingen stad for oss lengre.

dokka vgs

Skulesaka i Innlandet: Kva ligg bak ned­leggings­forslaget?