Ordføraren i Søndre Land kan juble etter valsigeren for Arbeidarpartiet måndag.
Det blir fire nye år med Jonas Gahr Støre som statsminister, og Aps andrekandidat i Oppland, Hagenborg, rykker inn på Opplandsbenken.
Tala er klare: Arbeidarpartiet er det største partiet i Noreg med 28,2 prosent oppslutning.
Trass i ein liten nedgang frå førre stortingsval, er Arbeidarpartiet også det desidert største partiet i Oppland.
Oppslutning i Oppland
Parti | Oppslutning | Endring |
---|---|---|
Viser endring fra forrige stortingsvalg.
Etter seks år som ordførar, skal Hagenborg no seie farvel til toppjobben i heimkommunen.
Uvisst kven som blir ordførar
Ho er allereie i gang med å skrive søknaden om fritak frå jobben som ordførar, og kven som skal ta over er foreløpig uvisst.
– Det er ikkje avklart enno, seier Hagenborg.
– Vi i Søndre Land Arbeidarparti har Roger Fløttum som ordførarkandidat. Nå må det jobbast for å få fleirtal i kommunestyret om det.
Og det kan bli vanskeleg. Fram til no har Ap i Søndre Land hatt fleirtal i kommunestyret saman med Bygdelista.
Dette samarbeidet er no brote, får NRK opplyst.
Bygdelistas Erik Bjørnsveen er i dag varaordførar i Søndre Land.
Han fortel til NRK at også dei kunne tenke seg ordføraren, men at forhandlingar med opposisjonen har skore seg.
Kven blir den neste til å få ordførarjobben i Søndre Land? Det er foreløpig heilt i det blå.
Foto: Mari Ranheim / NRKOpposisjonen fremjar eigen kandidat
No har opposisjonen sjølv, som består av Senterpartiet, Høgre, Frp, Venstre, SV, og fem uavhengige representantar, fremja ein tredje ordførarkandidat.
– Vi har vore i mange samtalar, møter og hatt god dialog med både Bygdelista og Arbeidarpartiet, seier opposisjonsleiar Mona Tønnesland Tholin (Sp).
– Med bakgrunn i at posisjonen ikkje har blitt einige om ein felles ordførar, stiller opposisjonen med ein eigen ordførarkandidat som kan samle heile kommunestyret, seier Tholin.
– Det er ein samla opposisjon som står bak forslaget, seier Tholin.
Og det er opposisjonsleiaren sjølv, Tholin, som er ordførarkandidaten deira.
– Så no kan alt skje i Søndre Land?
– Ja, her er det heilt ope fram til klubba slår, seier opposisjonsleiaren.
I ei pressemelding skriv opposisjonen at dei dei siste to åra har hatt eit godt samarbeid i mange enkeltsaker og stått samla om budsjettarbeidet.
– Vi har sett at vi får til mykje når vi samarbeider på tvers, og det ønsker vi å bygge vidare på.
Fritakssøknaden til Hagenborg og ny ordførar i Søndre Land skal truleg bli vedtatt i kommunestyret 20. oktober.