Hopp til innhold

Opplever marerittet i Jemen på nytt

34-åringen som søndag vart bortført i Jemen, sit framleis i fangenskap. For tolv år sidan vart den norske diplomaten Gubrand Stuve frå Biri skoten og drepen i hovudstaden Sana'a.

Gunnar Bitustøl Stuve og Åse Merete Bitustøl

HEIM UTAN EKTEMANN OG FAR: Gunnar Bitustøl Stuve og Åse Merete Bitustøl forlet Jemen utan Gudbrand Stuve i juni 2000.

Foto: Margret Helland / NRK

I Oslo sit familien til Stuve som opplever historia dei sjølve vart del av på nytt.

Sjå video lenger nede i saka!

Gunnar Bitustøl Stuve var berre ni år gamal då han saman med faren vart kidnappa i Jemen i juni 2000. Dei skulle berre hente bilen på verkstad:

– Vi vart stoppa utanfor av fire menn. Dei kom ut av ein brun pickup, og var først venlege og helsa på oss. Så tok dei fram gevær og fekk oss med inn i bilen.

Skoten framfor auga på sonen

Ved utkanten av hovudstaden vart bilen stoppa av politisperringar. I skotvekslinga mellom gisseltakarane og sikkerheitspolitiet, vart 44 år gamle Gudbrand Stuve treft.

Rett framfor auga på sonen.

– Frontruta på bilen var knust, det hadde tydelegvis gått ei kule gjennom den, det var blod over alt og eg såg pappa rulle ut.

– Skjønte at det var ei kidnapping

Gunnars mor Åse Merete Bitustøl og hans to systrer var ein annan stad i byen då kidnappinga skjedde, men forstod at noko var gale då han og faren ikkje kom attende til hotellet:

– Vi fekk ingen beskjed før neste morgon, men vi visste at det ikkje hadde skjedd ei bilulukke, for ingen var brakt inn til sjukehusa i byen. Vi skjønte at det var ei kidnapping.

Video Opplever drap i Jemen på nytt

Nok ei kidnapping i helga

Denne helga vart nok ein nordmann bortført i Jemen. Etter tre dagar har ikkje forhandlingane med gisseltakarane ført fram.

34-åringen som vart kidnappa søndag har ei sentral rolle i FNs utviklingsprogram i området.

Ifølgje Al Jazeera er det ei jemenittisk opprørsgruppe som skal ha kidnappa nordmannen i eit forsøk på å presse styresmaktene i landet til å sette fri eit medlem frå fengsel.

UD og FN har valt å ikkje offentleggjere mannens identitet og konsentrerer seg om å få sett han fri.

– Kunne fått anna utfall

Åse Merete Bitestøl trur deira historie kunne enda annleis dersom styresmaktene hadde handtert saka betre.

– Det kan hende den hadde fått eit anna utfall om dei hadde late bilen få køyre og gått inn i forhandlingar seinare.

Flere saker fra Innlandet