– Vi jobbar på spreng. Rekneskapane viser at situasjonen er langt meir alvorleg enn det eg var informert om. Den harde realiteten er at klubben vil gå konkurs dersom vi ikkje lukkast med redningsplanen, seier styreleiar i Lillehammer Ishockeyklubb, Knut Rindal.
Onsdag var det krisemøte for hockeyklubben med dei tilsette. Gjennom året har klubbens økonomi vorte kraftig forverra og nå sett dei i gang hastetiltak for å redde klubben.
I løpet av måndag må klubben få på plass 2,5 millionar kroner. Desse pengane skal dekke offentlege betalingskrav på 1,6 millionar kroner som forfell i løpet av kort tid, samt lønn til spelarar og tilsette.
Kan bli aktuelt med nedbemanningar
– Styret treng tolmod og hjelp frå både investorar og leverandørar for å lukkast med dette. Vi har allereie etablert kontakt. Det pågåande arbeidet kan ha konsekvensar for bemanninga, seier Rindal.
Han påpeiker at eventuelle nedbemanningar og fristilling av kontraktar vil skje i tråd med arbeidslivets regler.
– Vi har forståing for at det vil vere mange spørsmål knytt til styrets disposisjonar og kontroll. Akkurat nå ber vi om arbeidsro for å berge klubben gjennom den akutte krisen, seier Rindal.
- I år måtte dei bruke ein heimesnekra løysing for å sørge for snø i Lysgårdsbakken i Lillehammer:
Jobbar med redningsplan
Styret har delt opp redningsplanen i tre fasar. Den fyrste er å få inn 2,5 millionar kroner. Den andre fasen er å få inn nok kapital til å dekke andre utgifter ut året, mens den tredje fasen er å rigge klubben for lønnsam drift i 2025.
– Lillehammer har lange og stolte ishockeytradisjonar. Nå jobbar vi på spreng at byen også i framtida skal vere ein viktig aktør innan denne idretten, seier Rindal.
Det er ikkje meir enn to år sidan klubben sist hadde store økonomiske problem. Da sto de også i fare for å gå konkurs. Da klarte de seg, men nå er de igjen i fare for å gå konkurs.
I pressemeldinga opplyser klubben om at den negative egenkapitalen var på 3,6 millionar kroner i starten av året, mens den nå er forverra med ytterlegare 6 millioner kroner.
Eidsa: – Følast litt håplaust
Joakim Eidsa Arnestad er ei levande Lillehammer-legende og har over 800 offisielle kampar for klubben.
– Det er trist at vi har kome i same situasjon som vi var i for to år sidan. Det er ikkje noko morosamt, seier Arnestad.
Han fortel at spelargruppa hadde fått signal om at det ikkje sto heilt bra til med økonomien.
– Men vi visste ikkje at det var så mykje. Det vart oss litt overraska over og nå følast det litt håplaust, seier Arnestad.
Joakim Eidsa Arnestad tykkjer det er trist at klubben står i ei økonomisk krise nå.
Foto: Roar Berntsen / NRK– Korleis blir spelargruppa påverka av ein slik beskjed?
– Det er vanskeleg å seie kva som går gjennom alle, men vi må berre prøve å gjere vårt beste på kampen som kjem. Så får vi sjå kva som skjer over helga.
Håper klubben blir redda
– Kva tenker du om klubben går konkurs?
– Det er jo trist for oss og alle rundt. Vi er jo det einaste Eliteserielaget i byen og det er heller ikkje heldig for hockey-Noreg, seier Lillehammer-legenda.
Han hadde håpa at klubben hadde klart å snu skuta frå to år sidan da klubben var i store økonomiske vanskar.
– Vi skulle jo liksom ha orden på økonomien nå, men det er det ikkje. Eg håper jo at vi blir redda og får rydda opp, seier Arnestad.
Nå håper han at lillehamringane stiller opp – trass eit dystert rekneskap.
– Vi har ikkje klart å engasjere så mykje som vi hadde håpa på, men eg håper vi blir redda og får folk på kamp igjen. Eg håper jo folk stiller opp, men det får dei avgjere på eigenhand. Akkurat nå følast det litt håplaust, seier Arnestad.