Marit Øygard frå Øystre Slidre går verdscup
Noregs Skiskytterforbund gjer endringar på verdscuplaga for både herrar og kvinner.
Marit Øygard kjem inn og får debutere i verdscupen i Hochfilzen. Ho har ein andreplass og to femteplassar i IBU-cupen så langt.
– Ho har kome inn i IBU-cupen og gjort det veldig bra. Det blir spennande å sjå korleis ho presterer når ho no får sjansen i verdscup.
Det seier landslagssjef Per Arne Botnan.
Dei andre på kvinnelaget til verdenscupen 13. - 15. desember er Juni Arnekleiv, Emilie Ågheim Kalkenberg, Maren Hjelmeseth Kirkeide, Karoline Offigstad Knotten og Gro Njølstad Randby.