Hopp til innhold

Mariann Skotte framleis ordførar i Lesja

Mariann Skotte (Sp) held fram som ordførar i Lesja. Det er klart etter at Høgre i kveld bestemte seg for å samarbeide med Senterpartiet og ikkje med Arbeidarpartiet. Audun Holsbrekken frå Høgre blir dermed varaordførar i Lesja.

Holsbrekken seier forhandlingane med begge partar har gått føre seg i ein god atmosfære.

– Når det er sagt så var det jo eigentleg litt magekjensle som avgjorde resultatet til slutt, seier han og legg til:

– Me har hatt møte i kveld og diskutert oss fram til at Senterpartiet var det rette valet for oss. Me meiner at i eit samarbeid der kan me setja dagsorden og få fram mange saker som og er viktig for Høgre, seier Holsbrekken.

Mariann Skotte, Sp-ordfører i Lesja
Foto: Even Lusæter

Flere saker fra Innlandet