Hopp til innhold

Magne Vorkinn(Sp) blir ordførar i Dovre

Magne Vorkinn (Sp) blir ny ordførar i Dovre. Dei har inngått eit samarbeid med Høgre. Sp gjekk fram 10,9 prosentpoeng der, og auka med 3 mandat til 8, medan Høgre gjekk tilbake og sit att med 1 mandat i kommunestyret. Høgre sat altså på vippen og valde å samarbeide med Sp. Marthe Lyngstad Brenden (Sp) blir varaordførar.
– Men vi kjem også til å samarbeide med dei to andre partia i kommunestyret i praktisk politikk, seier Magne Vorkinn til NRK. Det er Dovrelista og Ap.

Magne Vorkinn
Foto: Privat

Flere saker fra Innlandet

Administrasjonsbygget sykehuset innlandet

DPS-klinikken på Sanderud bryter loven i tvangsvedtak