Det første du må gjere er å skaffe seg appen!
Så må du opprette ein brukar, om du ikkje allereie har det – og logge inn.
Slik ser det ut:



For å få opp dine lokal sendingar automatisk, må du velje distrikt.
Trykk på «direkte» nedst i appen – så NRKP1 og vel ditt fylke: Innlandet.
Her finn du det:



No kan du høyre «Morran» direkte mellom klokka 06 og 09 og «Eftan» klokka 14 og 17 frå kor som helst!
Delta i sendingane våre
Vi vil gjerne høyre frå deg som lyttar på sendingane våre. I appen kan du sende inn meldingar til oss.
Når du har funne fram til våre direktesendingar, ser du etter symbolet for å sende melding:
Slik ser knappen ut:



Obs!
«Send inn»-knappen kan vere litt vanskelegare å finne på nokre Android-telefonar. Men søker du opp programmet NRK Innlandet under søkeresultatet «serie» så dukkar den opp:
Litt lengre nede på sida ligg det ofte ei avstemming og.
Trykk gjerne på den mens du er innom:
Følg oss og få varsling
Likar du å få med deg den siste sendinga frå Innlandet. Eller er det andre program du følger med på? Då kan du trykke på stjerna for å følge.
Du kan til og med skru på varslingar, slik at du alltid får beskjed:



Og: Du kan alltid gå tilbake i spelaren for å høyre sendingar om igjen: