Hopp til innhold

Leiteaksjon på Gålå

Politiet ha no fått klarsignal om dei kanskje får luftstyrkar til leiteaksjonen etter mannen som vart borte frå hytta si på Gålå. Mannen, som er i 70-åra, vart meldt sakna av pårørande i ettermiddag. Fleire frivillige er med i leiteaksjonen.

– No bruker vi dei ressursane vi klarar å få tak for å søke over eit ganske stort område, seier Sissel Svarstad frå politiet.

Ho håpar dei finn mannen snart, men seier dei er førebudd på å søke gjennom natta.

Dersom nokon har sett folk i området Trollhaugen kan dei tipse politiet på 02800.

Flere saker fra Innlandet