Hopp til innhold

Landets rikaste lokalpolitikar

Venstre-politikar i Nord-Fron tente nesten 20 millionar kroner.

Mikkel Dobloug

Mikkel Dobloug

Foto: privat

Det er VG Nett som i dag viser ei oversikt over kva lokalpolitikarar som tener best her i landet. Mikkel Dobloug driv Per Gynt-garden Hågå på Vinstra, og tente 19,6 millionar kroner i fjor.

Dermed bidrog han til at lokalpolitikarane tente 60 prosent meir enn gjennomsnittet i fjor.

- Ikkje noko demokratisk problem

- Det at nokre har pengar og er engasjerte i samfunnet er ikkje eit demokratisk problem. Eg brukar mykje tid på mitt politiske engasjement, tid eg ikkje får betalt for, seier han til VG Nett.

Han seier at kommunen på mange måtar er som ei bedrift, og at det slik sett kan vere ein fordel at lokalpolitikarane har kunnskap om økonomistyring.

– Representantar som ikkje kan økonomi heng ikkje alltid like godt med i svingane og er lettare å påvirke. Men det viktigaste er ei god allmenndanning, seier Mikkel Dobloug.

Også Willy Fauchald (FrP) frå Hamar, Anders Larmerud (Ap) frå Lunner og Jostein Løken (V) frå Elverum er på topp 50-lista over dei lokalpolitikarane som tente best i fjor.