Hopp til innhold

Lærar tiltalt for sex med elev

Ein lærar ved ein ungdomsskule i Vestoppland er tiltalt for å ha hatt sex med ein av sine elevar.

Han er nå tiltalt etter Straffeloven sin §193 som går ut på å skaffe seg seksuell omgang ved misbruk av stilling, avhengighetsforhold eller tillitsforhold.

Den seksuelle omgangen skjedde i perioden mai 2009 til august 2009 da jenta var 16 år gammal.

Ifølgje avisa Hadeland mista mannen jobben ved skulen da saka vart meldt til politiet i september i fjor.

Saka har ei strafferamme på fem år.