Administrasjonen i Gran kommune foreslår at Randsfjordferja ikkje lenger skal gå i helgene. Det får innbyggjarane til å sjå raudt.
Gran må spare
Rådmannen har foreslått å kutte ferjeavgangane i helgene for å spare 100.000 kroner.
Det utgjer berre ein liten del av sparebehovet på nær fem millionar kroner i Gran kommune.
- Grunngjevinga for å kutte i avgangane er at folk bruker ferja minst i helgene sidan det er jobb- og skulefri, seier rådmann Ellen Stokstad.
Kristian Skårer fryktar konsekvensane dersom ferja sluttar å gå i helgene.
- Kroken på døra
- Eg brukar ferja kvar dag både i næring og privat, seier Kristian Skårer frå Bjoneroa.
Skårer produserer honning og har bier rundt heile Randsfjorden.
- Det kostar både tid og pengar dersom ferja ikkje lenger skal gå i helgene, seier Skårer som fryktar det kan bety kroken på døra.
- Og dersom vi treng politi eller lege vil det ta ein time og eit kvarter før dei kan koma hit når ferja står, seier Skårer.
Nok er nok! Innbyggjarane har laga ei aksjonsgruppa for Randsfjordferja. Her representert ved Hans Martin Sørum (t.v.) og Olav Struksnæs.
Nok er nok
Innbyggjarane i Bjoneroa har laga aksjonsgruppa "Nok er nok" for å framleis få ha alle ferjeavgangane på Randsfjorden.
Innbyggjarane i Bjoneroa vart delvis høyrt onsdag da formannskapet i Gran gjekk inn for å spare dei fleste avgangane til Randsfjordferja. Politikarane gjekk inn for at Randsfjordferja for resten av 2004 får ein reduksjon frå 36 til 24 avgangar i helgene.
Men innbyggjarane i Bjoneroa kan førebels ikkje slå seg heilt til ro med at dei får ha dei fleste ferjeavgangane.
Kommunestyret i Gran tek ei endeleg avgjerd i ferjesaka fyrst neste veke.