Hopp til innhold

Innvandrarar oftare involvert i trafikkulykker

Innvandrarar er oftare involvert i trafikkulykker enn dei som er fødd i Noreg. – Dei må få betre og meir langvarig opplæring, meiner koordinator i Oppland fylkestrafikkutval, Bjørn Ivar Vasaasen.

Illustrasjonsfoto

Ei undersøking syner at innvandrarar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa har betydeleg høgare risiko for å kome i ulykker enn norskfødde sjåførar.

Foto: Rainer Prang / NRK

– Den største skilnaden er at i Sudan har vi venstrereglar, her i Noreg er det omvendt.

Rahwa Rezene Hatsey

Rahwa Rezene Hatsey frå Sudan er i ferd med å ta førarkortet.

Foto: Stein Schinstad / NRK

18 år gamle Rahwa Rezene Hatsey har vakse opp i Sudan, nå er ho busett på Lillehammer og skal ta førarkort. Ho har ikkje særlege problem med å forstå dei norske reglane, men det kan vere verre med dei som har køyrt bil lenge i heimlandet.

– Far min har køyrt lastebil i Sudan i 27 år. Han blandar saman om han skal stoppe for bilar frå venstre også her. Men han kjem til å klare det, nå ser han til høgre, og ikkje til venstre, fortel Rahwa.

Dobbelt så høg risiko for ulykker

Ei undersøking frå Transportøkonomisk institutt syner at innvandrarar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Aust-Europa har betydeleg høgare risiko for å kome i ulykker enn norskfødde sjåførar.

Til dømes har menn frå Midtausten og Afrika meir enn dobbelt så høg ulykkesrisiko samanlikna med norskfødde sjåførar.

Bjørn Ivar Vasaasen

Bjørn Ivar Vasaasen i Statens vegvesen tek til orde for ei betre og meir langvarig trafikkopplæring av innvandrarar.

Foto: Stein Schinstad / NRK

– Det viser seg at dei er oftare involvert i både uhell og meir alvorlege ulykker, seier koordinator i Oppland fylkestrafikkutval, Bjørn Ivar Vasaasen.

– Kjem til å lære etter kvartetterkvart

Studien slår fast at ikkje-vestlege innvandrarar tek med seg kunnskap og haldningar om trafikk frå sitt heimland, og at skilnaden i trafikkultur kan føre til høgare risiko.

– Det kan handle om den opplæringa dei har fått i heimlandet, det kan dreie seg om at infrastrukturen er forskjellig, eller at trafikkmønsteret og trafikkåtferden er vanskeleg å overføre hit.

Vasaasen tek til orde for at asylsøkjarar får trafikkopplæring allereie på asylmottaket.

– Viss dei må reise attende så vil dei uansett kunne ta med seg trafikktryggleiken og kunnskapen til heimlandet. Dei som skal bli busett her i landet vil få med seg eit meir langsiktig trafikkopplæringsløp.

– Det tek lang tid å bytte ut dei tankane du har frå din kultur. Dei kjem til å lære det etter kvart, seier 18 år gamle Rahwa Rezene Hatsey frå Sudan.