Hardt skada etter motorsykkelulykke
Motorsyklisten frå Gran som onsdag kveld kolliderte med ein liten lastebil er hardt skada. Det fortel gutens mor til Oppland Arbeiderblad. Guten vart operert natt til onsdag, og situasjonen skal vere stabil. 17-åringen køyrde ein lettmotorsykkel.