Ulukka skjedde på fylkesveg 606, og Statens Naturoppsyn og Fylkesmannen vart varsla.
Bilføraren meldte frå sjølv
Lars Gangås i SNO seier bilføraren som køyrde på ulven sjølv ringte og rapporterte det:
– Han rapporterte at ulven var hardt skada, men hadde kome seg cirka femti meter unna vegen.
Gangås reiste ned og aliva ulven på staden.
Moglegens Julussa-ulv
Ulven hadde ingen andre kjenneteikn, men området er tilhaldsstad for Julussa-flokken.
– Det kan moglegens vere hannen i ein av dei tre flokkane der det er yngling i år, seier Gangås.
Ulven ligg no på kjøling i Evenstad og ventar på transport til Trondheim, der den blir obdusert.
Fellingskvoten full
Irregulær avgang av ulv blir belasta lisensfellingskvota.
1. mars vedtok rovviltnemndene i region 4 og 5 ei lisensfellingskvote på éin ulv.
Lisensfellingsområdet var avgrensa til delar av Rendalen, Tynset, Tolga og Engerdal kommunar.
Med dagens påkjørsel er kvoten full og det blir inga lisensfelling på ulv i perioden 24.-31.3.12.