I 1970 starta ekteparet Reidun og Øyvind Hansen frå Søndre Land det fyrste kollektivet for ungdom med rusproblem her i landet. Ekteparet driv i dag Solliakollektivet der ungdom med rusproblem både bur og arbeider.
Halvparten av ungdommane som har vore innom Solliakollektivet, er i dag rusfrie. Reidun og Øyvind Hansen var sjølve rusmisbrukarar før dei starta kollektivet på Reinsvoll.