Hopp til innhold

Grisete Halloween-feiring

Enkelte nytta Halloween til å kaste egg. Både i Østre Toten, Hamar og Ringsaker har politiet fått meldingar om slike pøbelstrekar.

Halloween
Foto: Kristin Rivrud / NRK

Måtte vaske etter seg

På Kapp trefte ei politipatrulje laurdag kveld tre gutar i 14-årsalderen som gjekk Halloween. Saman med ein fjerde person hadde ungdommane kasta egg på eit bustadhus og på bilar på Rv 33. Politiet hadde tidlegare fått melding om at det også vart kasta stein på bilar frå ei bru over riksvegen.

Som straff måtte gutane vaske huset dei hadde grisa til, og dei hadde deretter ein alvorsprat med politiet, før foreldra vart varsla.

Også Hedmark politidistrikt vart kontakta av folk både frå Hamar og Brumunddal, som hadde fått hus og bilar tilgrisa av egg.